Tap av sau går ned
Fylkesmannen i Telemark har motteke 63 søknader om erstatning for tap av sau til freda rovvilt i beitesesongen 2015. Det er 14 færre søknader enn i fjor og langt unna 2013 då det kom heile 115 søknader.
I årets søknader er det totale tapet oppgjeve til å vere 270 sauer og 1219 lam, ein nedgang på høvevis 6,6 og 11,6 prosent frå året før. Søkjarane meiner at freda rovvilt har drepe 201 sauer og 1098 lam i år. 65 prosent av tapet er oppgjeve å vere på grunn av gaupa, 25 prosent til ulv og resten i hovudsak kongeørn. Det er døme på at jerv også får skulda for sauetap denne sesongen.