Desse sauene skal ha hatt ulven på besøk torsdag, i fylgje eit par som kom køyrande på fylkesvegen i Fyresdal. Dagen etter tok ulven eit lam ikkje langt unna.
Desse sauene skal ha hatt ulven på besøk torsdag, i fylgje eit par som kom køyrande på fylkesvegen i Fyresdal. Dagen etter tok ulven eit lam ikkje langt unna.

Ulv tok lam ved bustadhus

Torsdag blei det sett ulv i ein saueflokk like ved flyplassen i Fyresdal. Fredag slo Statens naturoppsyn fast at eit lam 50 meter frå våningshuset på Taraldlien var tatt av ulv. Jakt på rovdyret gav ikkje resultat.

Torsdag klokka 11.00 varsla eit par som køyrde på fylkesvegen sør i Hegglandsgrend at dei hadde sett ulv ved ein saueflokk. Skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan i Fyresdal fortel at det blei gjort undersøkingar i området, utan resultat.

Klokka 7.30 fredag morgon blei det funne eit daudt lam 50 meter frå våningshuset på garden Taraldlien like ved Hegglandsgrend. Tidlegare har gaupa tatt lam like ved huset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Momrak-Haugan var fredag med rovviltkontakt Ole Roer og flådde lammet som hadde fått ein brutal medfart. Det var ete mykje av låra på lammet, som framleis var varmt.

– Statens naturoppsyn slo fast at det var ulv som hadde tatt lammet, seier Momrak-Haugan.

Ti jegerar på jakt

Det blei søkt Fylkesmannen om fellingsløyve på rovdyret, og eit ja kom i løpet av fredagen. Både fredag kveld og laurdag morgon var ti jegerar på plass ved dei ulike saueflokkane i det aktuelle området, men ingen såg noko til gråbeinen.

I slutten av juli fanga viltkameraet til Ole Roer inn ein ulv ved eit jorde i Hauggrend. Fleire bønder sette straks i gang med naudsanking av sauene.

– Og no slo ulven til like ved huset på Taraldlien … Det er ikkje noko kjekt når du får ulven så nært innpå, seier Momrak-Haugan, og legg til at det no i bygda er 1000 sauer som har kome heim frå heibeitet.

Fellingsløyvet på ein ulv varer fram til 1. oktober, og gjeld for jakt i kommunane Fyresdal, Tokke, Kviteseid og Nissedal. Momrak-Haugan skal vere organisator for eventuell jakt i desse kommunane, slik han var det i helga.

– Eg oppmodar folk til å melde frå om dei ser ulv, seier Momrak-Haugan.

– Skrekken er om me får ei ulvetispe med ungar på vestheia i Fyresdal der det er beiteområde for mange sauer, held han fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre austlendingar dreiv med harejakt i Fyresdal i førre veke. Då dei fekk høyre om ulven, bar det rett heim att fordi dei var redde for harebikkja.

Kan felle to ulvar

Rovviltnemnda i region 2 har vedteke ein fellingskvote på to ulvar i perioden 1. oktober 2015 og ut mars neste år. Kvoten gjeld for heile regionen med fylka Telemark, Vestfold, Buskerud og Aust-Agder.

Det er ulike krav for å vere lisensjeger på ulv. Mellom anna må ein ha personleg lisens, og det får ein ved registrering i Jegerregisteret.

Lisensfelling av ulv krev løyve frå grunneigaren.