805 sauer, eller nesten ti prosent av alle dyra som blei sleppte på utmarksbeite i Vest-Telemark i 2003, kom aldri heim att.
805 sauer, eller nesten ti prosent av alle dyra som blei sleppte på utmarksbeite i Vest-Telemark i 2003, kom aldri heim att.

Fleire skadar frå ulv og bjørn

Dokumenterte sauetap grunna ulv og bjørn utløyste fleire erstatningar i fjor enn vanleg i Telemark. Bønder i Vest-Telemark påstod gaupa hadde skulda for 509 sauetap. Fylkesmannen erstatta 382 av dei, men gjekk elles ikkje med på at ørna hadde tatt 74 lam i regionen.

37 av dei 66 telemarksbøndene som søkte erstatning for sau tatt av freda rovvilt i fjor høyrer heime i Vest-Telemark. Dei fleste fekk erstatningar, så nær som tri bønder i Fyresdal.

Totalt blei det i regionen betala vel 490.000 kroner i erstatningar, medan summen for heile fylket var 879.691 kroner, ein auke på 30 prosent frå 2002. Årsaka til auken var at mange søkjarar kunne dokumentere sauetapa etter å ha hatt rovvilt i området. Det blei registrert rovviltskadar i Nissedal, Tokke, Kviteseid, Seljord, Hjartdal, Tinn, Notodden, Drangedal og Siljan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utelukka jerv og ørn

Dokumenterte skadar frå ulv og bjørn løyste ut erstatningar av 14 sauer i Tinn og Drangedal. Fylkesmannen godkjente ikkje påstandar om at bjørn hadde tatt fire sauer i Seljord, at ulv årsaka sju sauetap i Vinje og at jerv hadde forsynt seg av fem sauer i same kommunen. Det blei heller ikkje gjeve erstatningar nokon plassar i Telemark med tanke på at kongeørna hadde vore på ferde, sjølv om sauebønder i fire kommunar i Vest-Telemark påstod at rovfuglen hadde tatt 74 lam.

37 bønder i Vest-Telemark sleppte 8.523 sauer på beite i fjor, 805 av dei kom aldri heim att. Bøndene ville ha erstatningar for 599 av dei, men Fylkesmannen meinte det fekk halde med 383. Av dei var det 21 vaksne sauer. Totalt i Telemark ville bøndene ha godtgjort for 1.164 sauer grunna rovvilt. 673 av dei blei erstatta.

I 1998 blei det betala ut nær 1,8 millionar kroner i erstatningar for sau som blei tatt av freda rovvilt i Telemark. Det året blei 1.300 lam erstatta, medan bøndene meinte talet burde vore vel 1.800. I 2002 fekk bøndene erstatta nær halvparten av dei 1.000 lamma som forsvann.