Siste generasjon sauebønder
Den nye stortingsmeldinga om rovviltforvaltinga her til lands vekkjer sterke reaksjonar. Det er tydeleg at den såkalla ekspertisen som har laga meldinga ikkje anar kva dei snakkar om. Det er ille nok å vera sauebonde i dag og blir det slik stortingsmeldinga vil ha det til, kan ein vera sikker på at vår generasjon er den aller siste. Kven er det vel som ynskjer å ta over ei næring som alt er på dødens rand, seier sauebonde Sigurd Vik i Kilegrend i Fyresdal.
Det seier sauebonde Sigurd Vik i Kilegrend. Fyresdølen har drive med sauehald i 30 år.
Eg tregar på at eg ikkje gav meg for fleire år sidan. Då eg byrja med sau for ein mannsalder sidan var det gode tider, men etter den tid har det bare blitt verre og verre for kvart år. Næringa blir kraftig motarbeidd frå alle kantar. Det er knapt så ein overlever slik det er i dag, og om gaupebestanden aukar med 30 prosent kjem det til å bli kroken på døra, uttalar Sigurd Vik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Store tap
I fjor opplevde Vik at 46 av 161 lam og tri av 108 vaksne sauer blei tekne av rovdyr. Dei fleste av gaupe og somme av ørn.
Det er så ille som det kan. Dette er det største tapet eg nokosinne har opplevd. Eg skal greie å halde ut som sauebonde til eg blir pensjonist. Det er heldigvis ikkje lenge til, seier han.
Sigurd og kona Birgit er svært skeptiske til den nye stortingsmeldinga om rovviltforvaltninga.
Ho er heilt hol i hovudet. Dei som har laga denne stortingsmeldinga har ikkje greie på det dei driv med. Dei ser vel på oss som framleis driv med sauehald som nokre tusseladdar det ikkje er verdt å bry seg med, seier ekteparet.
Generelt er dei svært skeptiske til den norske landbrukspolitikken.
Det er ikkje rovviltproblematikken aleine som gjer at landbruket på bygdene er heilsvart. Det er tydeleg at politikarane generelt ikkje bryr seg om utkanstroka. Dei vil ha oss vekk herifrå. Det er når generasjonen vår sluttar å drive at utkantane her til lands verkeleg blir avfolka. Det er då ingen som ynskjer å ta over ei næring ein ikkje kan å leve av, seier Sigurd og Birgit Vik.
Dette går stortingsmeldinga ut på:
25. januar 2001 bad Stortinget regjeringa leggje fram ei ny stortingsmelding om rovviltforvaltninga innan utgangen av 2003. Fredag kom meldinga.
Stortingsmeldinga omfattar rovviltartane gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn. Regjeringa vil i hovudsak oppretthalde dagens bestandar av jerv og ulv her til lands. Sidan 1996 har gaupebestanden blitt redusert med kring 35 prosent, frå om lag 370-410 individ til 250-270 individ før kvotejakta i 2003, i fylgje Miljøverndepartementet. Den nye stortingsmeldinga legg opp til å auke den norske gaupebestanden med 30 prosent noko som inneber minimum 65 årlege ynglingar. Elles er det lagt opp til 42 årlege ynglingar av jerv, 20 årlege ynglingar av bjørn, oppretthalding av dagens målsetjing om nokre årlege ynglingar av ulv og minimum 850-1.200 hekkande kongeørnpar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rovviltpolitikken blir lettare å spå
Denne stortingsmeldinga vil syte for ein rovviltpolitikk det blir lettare å sjå konsekvensane av på førehand. Meldinga tek vare på Noregs ansvar for å sikre overleving av gaupe, jerv, bjørn og kongeørn. Samstundes vil tiltaka i meldinga syte for betre dyrevelferd, betre erstatningsordningar, større lokal deltaking og lågare konfliktnivå i område med rovvilt, skriv miljøvernminister Børge Brende i ei pressemelding.
Generalsekretær Rasmus Hansson i WWF-Norge meiner stortingsmeldinga inneheld gode element.
Dagens praksis massakrerer heile gaupefamiliar. Nå er me godt nøgde med at regjeringa etterkjem våre krav om å gjenreise den norske gaupestamma, kommenterer Hansson.
Føreslår å opprette seks forvaltingsregionar
Regjeringa føreslår å opprette seks forvaltingsregionar med nasjonale mål for førekomst av rovvilt innanfor kvar region. Dei seks regionane er Vest-Noreg, Sør-Noreg, Aust-Noreg, Midt-Noreg, Nord-Noreg og Finnmark. Det er også forslag om å erstatte dagens fylkesvise rovviltutval, jervnemnder og gaupenemnder med ei rovvtiltnemnd i kvar region frå april 2005. Desse nemndene vil få ansvar for både skadefelling, kvotejakt og lisensjakt på gaupe, jerv og bjørn innanfor regionane. For ulv vil hovudansvaret for forvaltinga liggje hjå Direktoratet for naturforvalting.