Reagerer på forskjellsbehandling
– Då eg besøkte eit hyttefelt på Rauland var det 4G-dekning. Her i Dyrlandsdalen må me nesten sende postkort til kvarandre. Det er forskjellsbehandling, seier Arild Nålby og etterlyser betre mobilnett.
På Nasgrav i Dyrlandsdalen varierer mobilnettet mellom 1 til 3 strikar på telefonen til Arild Nålby.
– Mobilnettet er ekstremt ustabilt og dårleg. Då eg kontakta Telenor stadfesta dei at det var så som så, og sa at det skjedde ingenting om me ikkje klagar, seier Nålby som nå har vore i kontakt med fleire i nabolaget om deira erfaring med mobildekninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Fleire eg snakka med har Telia og 4G-dekning, kvifor kan ikkje Telenor også gje oss det, undrar han.
Oppe på Dyrlandsnuten står mobilantenna som skal gje han 3G-dekning i dag.
Ikkje bra nok
Nålby fortel at han også slit med nett-tilgangen.
– Eg vil til dømes lese aviser på nett, men det er frustrerande når nettet står og stangar og ei blank side kjem opp etter nokre minutt. Det er ikkje vits i å abonnere på aviser om me ikkje får lese ho, seier han.
Om ein reiser til hyttegrendene er mobildekninga monaleg betre. Han er frustrert over forskjellsbehandlinga.
– Då eg var innom eit hyttefelt på Rauland fekk eg 4G-dekning. Der strauma det inn, det var moro å sjå. Men er det rett at ein aller helst må bu i Oslo og ha hytte på fjellet for å få godt mobilnett? Den som står med lua i handa får i alle fall ingenting, seier Nålby.
Han trur kanskje mobilnettet var meir stabilt i Dyrlandsdalen tidlegare.
Får lite klager frå vesttelane
Informasjonssjef ved Telenor Norge, Per Aril Meling, stadfestar at Dyrlandsdalen i Seljord kan ha område med dårleg mobildekning.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er 2G og 3G der, og me ser det er hol – det kan vere område med dårleg dekning. Det kan vere at det blir betre mobildekning når Telenor oppgraderar til 4G – noko dei skal gjere over heile landet, men det kan eg ikkje garantere, seier Meling.
Han legg til at alle stasjonane i Vest-Telemark skal ha 4G i løpet av 2017. Tokke skal ha det på plass i løpet av dette året, Seljord, Kviteseid og Vinje skal få 4G innan fyrste halvdel av 2017, Fyresdal og Nissedal skal få det innan andre halvdel av 2017.
– Mobildekninga i Vest-Telemark er generelt bra, og dekningsprosenten vil ligge på 98 og 99 prosent når 4G er bygd ut, seier Meling.
– Er det godt nok?
– Det vil alltid vere område med radioskugge som som vanskeleg å dekke, men generelt er det bra, meiner Meling.
Noreg gror att
– Kvifor er det slik at ein opplever at dekninga er dårlegare nå enn før somme stader?
– Svekka dekning kan kome av at vegetasjonen dekker stasjonen, og at den kan dekke til for signala. Det er me som har ansvaret for å fjerne tre tett på stasjonen, elles er det grunneigarane som har ansvar for å halde vegetasjonen nede, seier Meling.
– Får Telenor mange klager frå kundar i Vest-Telemark, og korleis bør folk i område utan dekning gå fram dersom dei meiner dekningstilhøva er for dårlege?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me høyrer lite klager frå Vest-Telemark, og eg meiner innbyggjarane bør ta kontakt med kommunen dei bur i for å saman diskutere ei løysing om betre mobildekning. Kommunen kan søkje om midlar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og fylket, slik at det kan gå ut på anbod om å bygge ut. Telenor har spleisa med fleire kommunar i Vest-Telemark om å bygge ut mobilnettet der det ikkje er kommersielt lønsamt å bygge ut åleine som operatør, seier han.
I Vest-Telemark er det fleire område som er utan mobildekning i det heile, og Meling seier at Telenor ikkje har konkrete planar om fleire antenner – men dei er alltid viljuge til å ta ein prat med kommunane om dei ynskjer eit samarbeid.
Bygger ut 4G
Telenor seier at ved å bygge ut 4G-nettet blir kundane sikra betre kapasitet og kvalitet. Det nye 4G-nettet kjem som eit tillegg til dagens GSM og 3G-nett, altså ikkje som ei erstatning.
Telenor seier at det er fleire faktorar som spelar inn på kvaliteten av dekninga, og at ein del av desse vil bli løyst når dei bygger ut 4G. «Men i eit land med høge fjell og djupe dalar, tett skog og ikkje minst varierande vêr, vil det vere område der dekninga kan opplevast som mindre god», skriv dei på nettsida si.
Telenor har mål om at 99,8 prosent skal ha 4G-dekning utandørs uansett kor i Noreg ein bur, og mobilkundane skal kjenne seg trygge på at dei har best kapasitet, fart og dekning.
Dekning
– Dekning er radiosignal som blir sendt mellom mobiltelefonar og basestasjonar og som gjer at ein kan bruke mobil og data.
– God dekning betyr at ein kan snakke og surfe utan brot eller forseinkingar.
Edge: Gjer det mogleg å snakke i mobilen og surfe, men har avgrensa fart.
Artikkelen held fram under annonsen.
2G/3G: Gjer det mogleg å snakke og surfe med fart opp til 20 megabit i sekundet.
4G (LTE): Gjer det mogleg å surfe opp mot 150 megabit i sekundet, i tillegg til at det opnar for å snakke over 4G-nettet.
4G+: Er det raskaste mobilnettet sidan mobilnettet blir sendt på fleire 4G-frekvensar og gjev fart opp mot 450 megabit i sekundet.
Kjelde: Telenor.no