Byr kommunen å overta brua
Seljord kommune kan bli ny eigar av steinkvelvbrua i Dyrlandsdalen.
Med bakgrunn i dei mange innspela om å verne steinbogebrua på fylkesveg 503 i Dyrlandsdalen har Statens vegvesen sett på andre moglegheiter enn å rive gamlebrua når ny bru skal byggjast –slik den opprinnelege planen var.
I eit møte mellom Statens vegvesen og Telemark fylkeskommune kom det framlegg om å tilby Seljord kommune å overta den gamle brua som har stått der sidan 1921. Det fortel byggjeleiar i Vegvesenet, Svein Tovslid.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vil det fylgje midlar med overtakinga?
– Ja, det er skissert at kommunen kan få 600 000 kroner, den same summen som kostnadane til å rive brua er stipulert til, seier Tovslid.
– I kva forfatning er brua?
– Vegvesenet held på med ei utgreiing om problem me har hatt med brua. Det har vore ein del frostsprenging, og steinen har skala av slik at delar av konstruksjonen blir borte. Dessutan er massa inni landkara dårleg, så det er sprekkdanningar i vengene. Men kor vidt dette er noko problem dersom det ikkje er noko trafikk på brua kan eg ikkje seie noko om, svarar Tovslid.
Mange vil at brua skal bli verna
Ordførar i Seljord, Jon Svartdal (KrF), stiller seg positiv til at kvelvingsbrua i Dyrlandsdalen blir kommunal eigedom. Om dei 600 000 kronene som brua får med seg i heimefylgje frå fylkeskommunen er nok til å sikre vedlikehald er ikkje ordføraren sikker på.
– Ein vil aldri kunne vita kva som kan koma på av vedlikehaldsutgifter, men brua vil nok koma til å stå ein del år når ho berre blir trafikkert at gåande og syklande. Likevel – det viktigaste poenget er at brua blir ståande, meiner Svartdal, og understrekar at saka ikkje er avgjort før kommunestyret har sagt sitt.