Luftambulanse
Sit å les VTB no på laudagsmorgoen og kjem til saka om helikopterbasen i Telemark, der Frøyshov vil ha denne til Skien. Dette blir eg nøydd til å skrive litt om, slik eg ser det så kan ikkje dette vera så vanskeleg å få avgjort. På kartet så er der eit stort hol i sirklane til Norsk Luftambulanse, og då må det vera lett for dei å finne hovudargumenta for at her må me slå ein sirkel for å få dekt inn mesteparten av befolkninga som luftambulansen kan hjelpe raskt ved akuttmedisinske behov. Då havnar Vinje omtrent midt i denne sirkelen, og ein dekker inn både indre delar av Hordaland, Aust-Agder og sjølvsagt då Telemark, og i tillegg så dekker ein E134 på ein mykje betre måte. Det er og mykje hytter i desse områda her, slik at innbyggartalet mangedoblast store delar av året, dette bør også reknast med i argumentasjonen. Det er langt å køyre til sjukehus herifrå, og endå lenger no når akutten på Rjukan blei lagt ned f.eks, men dette veit vel adm.dir ved Sjukehuset om. Men det bur mykje folk åmom Ulefoss som vil ha stor nytte av ein helikopterbase i Øvre Telemark istadenfor i Skien. Så eg håpar NLA ser på kartet og bestemmer seg for å tette «holet» mest mogleg, slik at dette kan bli ein realitet så snart som råd, dette er viktig for beredskapen i dei «grisgrente» strøka, for her bur faktisk mykje folk her og!
Bertin Bjåen,
Artikkelen held fram under annonsen.
Edland