Anne Marie og Svein Breidalen frå Kviteseid vann 10 000 kroner i returkartonglotteriet etter at dei har bretta og levert drikkekartongar til attvinning i mange år.
Anne Marie og Svein Breidalen frå Kviteseid vann 10 000 kroner i returkartonglotteriet etter at dei har bretta og levert drikkekartongar til attvinning i mange år.

Gevinst for å brette papp

Anne Marie Breidalen frå Kviteseid blei overraska då Renovest i Brunkeberg tok kontakt. Ho hadde nemleg vunne kartonglotteriet, etter mange år med kartongbretting.

Ekteparet Anne Marie og Svein Breidalen har bretta og levert mjølkekartongar med papiravfallet i fleire år. For nokre veker sidan fekk dei ein gledeleg beskjed om at dei hadde vunne 10 000 kroner i kartonglotteriet.

– Kva me skal bruke pengane til har me ikkje bestemt enno, seier Breidalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Attvinning

Som truleg mange andre undrar Breidalen på kva som skjer med kartongane som blir bretta og levert.

Driftsleiar ved Renovest i Brunkeberg, Elsa Ann Hauglid, fortel at kartongane blir levert vidare til attvinning.

– Kartongane blir levert saman med anna papp og papir og kjem til eit sorteringsanlegg der dei ulike fiberfraksjonane blir sortert. Drikkekartongar frå norske hushaldningar går vidare til svenske papirfabrikkar der det mellom anna blir produsert ny emballasjekartong og teknisk papir, opplyser Hauglid.

I fylgje Grønt punkt Norge si nettside blir kartongane frakta frå dei store byane i Noreg med togtransport. Ikea togvogner blir mellom anna nytta, sidan dei elles ville gått tome tilbake til Sverige.

Vinnarsjanser

Alle som ynskjer kan vere med i returkartonglotteriet: Privatpersonar, organisasjonar, skular, barnehagar og idrettslag. Kvart år blir det dela ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner – delt på 120 premiar av 10 000 kroner og 4 premiar av 100 000 kroner. Trekningane skjer på 86 forskjellige stader i Noreg, ein av dei er Renovest i Brunkeberg.

Forbrukarundersøkingar viser at om lag 60 prosent av alle drikkekartongar blir levert til attvinning.

Kuben, med minst seks kartongar bretta saman og putta i ein kartong, må ha namn og telefonnummer og kan bli levert saman med den kommunale returordninga.

Skulemjølkkartongar og juskartongar kan også vere med på lotteriet. Her skal ein skylje og brette fire kartongar opp i den femte, og som på dei store kartongane kan korkar og lokk henge utanfor kuben.

Artikkelen held fram under annonsen.

Returkartonglotteriet blei starta i 1997 som eit nytt og annleis motivasjonstiltak for å få folk til å levere kartongar.