Olav Bakkemoen, Helen Rosnes Svartdal, Amund Rosnes Svartdal, Mari Bakkemoen Blika, Ingrid Bakkemoen Blika, Eli Flatland, Kjell Barstad, Mari Kjennbakken og Åse Bjåland.
Olav Bakkemoen, Helen Rosnes Svartdal, Amund Rosnes Svartdal, Mari Bakkemoen Blika, Ingrid Bakkemoen Blika, Eli Flatland, Kjell Barstad, Mari Kjennbakken og Åse Bjåland.

Samla til bålkos

Fleirbrukshuset øvst i Svartdal har blitt ein møtestad for bygdefolket. Laurdag kom små og store saman kring bålpanna.

Det luktar av open eld når ein rundar svingen på vegen som går innover Minnesjorddalen i Svartdal. Det viser seg at det er varme både i eisa inne i det vesle fleirbrukshuset og i bålpanna ute. Haustdagen er mild og fin og utan teikn til væte i lufta. Dermed sessar dei frammøtte seg ute.

Tak til å gå på

Vel, ikkje alle er like ivrige til å sitje. Dei to minste brukar taket på huset slik det er meint å brukast: til å gå og klatre på. Fleirbrukshuset er teikna av arkitekt Nils Nicolaisen som har hytte i området, og han hadde operaen i Bjørvika i tankane då han teikna det. Vel – ser me bort frå storleik, materialval og andre uvesentlege ting, har dei to signalbygga fleire fellestrekk; mange sitjeplassar inne og ein kan gå på taket. Så det, så!

Artikkelen held fram under annonsen.

Dele nyhende

Denne laurdagen i slutten av september har Svartdal grendelag bede inn til uformelt hausttreff. Folk i alle aldrar sig på. Snart putrar den store kaffikjelen, og kaffi blir skjenkt medan nyhende frå bygda blir delt. To av dei store samtaleemna i dag er den nye innbyggjaren som har flytta til bygda, og uhellet septikbilen hadde dagen før då han gjekk gjennom ei bru og blei sitjande fast. Uvesentleg? Eller limet mellom folk i eit lite samfunn? Dét overlèt me til sosiologar å svara på.

Spikke og spita

Amund Rosnes Svartdal er ivrig med kniven. Han spikkar seg pinne til å ha pølsene på. Snart er varmen slik at han kan steike den fyrste pølsa. Mari Kjennbakken er også i aktivitet. Ho strikkar. Men det er ikkje til eige bruk; spitet skal bli sitjeunderlag til grendehuset. For nokon har kome på den geniale ideen brukarar av huset likegodt kan strikke litt medan dei er der. Dermed la dei opp masker til mange sitjeunderlag, samla ein del garn og la det i ei korg. Dermed er det fritt fram for å ta seg ein omgang.

Alle er velkomne

No har huset, som blei sett opp med hjelp av stor dugnadsinnsats, stått der i sju år og teke imot alt frå turfolk som vil innom og varme seg og eta nista si, til private gjestebod og samlingar i regi av grendelaget.

Hausttreffet var kunngjort å skje frå klokka tolv og utover dagen. Stadig fleire folk, både små og store, dukkar opp. Totalt var meir enn tjue personar innom, melder grendelaget. Tru om arrangementa i operaen i gjennomsnitt samlar så stor prosentdel av innbyggjarane som soknar til?