Fleire kutt i heimetenestene
Heimevaktmeister Jon Hommo på Rauland fekk før jul melding frå Vinje heimetenester om at han ikkje har jobb lenger enn til 31. mars.
Hommo fylte 67 år i november, men meldte i september frå om at han ville stå i stillinga si også etter vanleg pensjonsalder.
Det har eg rett til, òg. Viss eg held meg slik eg er no, ville eg gjerne stått i arbeid til eg blir 70, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
No ser det ikkje ut som det blir noko av. I eit brev frå heimetenestesjef Alv Dag Brandal blir Hommo oppsagt frå 31. mars, og stillinga blir kutta.
Me har snakka litt om andre jobbar for meg, men det har ikkje vore så aktuelt. Brandal har tilbode meg stillingar som reinhaldar og kvilande nattevakt, men det er eg ikkje så interessert i. Eg er trass alt 67 år gamal, og det er den jobben eg har eg hadde lyst til å halde fram i. Det er dette eg kan, sukkar Hommo.
Negativ overrasking
Eg trur det var ei negativ overrasking for heimetenestesjefen og kommunen då eg sa i frå at eg ville halde fram. Han blei tydeleg forvirra då eg fortalde han det, for det hadde han nok ikkje rekna med. Om eg ikkje hadde ynskt å stå i stillinga lenger, kunne dei kutta ho utan noko merksemd kring det, meiner Hommo.
Stillinga hans er på 30 prosent, og han har hatt det som før var Rauland kommune som arbeidsområde.
No må den andre heimevaktmeistaren dekke heile den store kommunen åleine, frå Møsstrond til Nesland, frå Øyfjell til Haukeli. Det blir mest berre å sitje i bilen heile tida. Me som arbeider med dette til dagleg er sikre på at det kjem til å føre til lang ventetid for dei som til dømes treng hjelpemiddel, meiner Hommo.
Me har ansvar for å køyre ut, reparere og hente hjelpemiddel heime hjå folk. Dessutan er det me som monterar opp og ned tryggleiksalarmar hjå dei som treng det. I løpet av åra har det ikkje akkurat blitt mindre behov for oss, det er heller tvert om. Mange fleire får omsorg i heimen no, seier Hommo.
Ei stilling er nok
Som VTB skreiv i førre veke, må Vinje heimetenester kutte større beløp frå det pressa budsjettet sitt, noko som har gått utover mellom anna omsorgsløna som utbetalast til pårørande som pleier sine næraste. Dette sparte heimetenestene om lag hundre tusen kroner på. Ein liknande sum vil dei kunne kome til å spare på å kutte stillinga til Hommo.
Vinje heimetenester har eit samla budsjett på 33 millionar kroner. Kommunestyret har vedtatt at det skal kuttast ein prosent i budsjettet til alle einingane i kommunen, men det er einingsleiarane som sjølve bestemmer kvar kutta skal skje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heimetenestesjef Alv Dag Brandal var ikkje tilgjengeleg denne veka. Assisterande rådmann Sissel Bitustøyl seier at Brandal og den heimevaktmeistaren som blir att i kommunen har diskutert saka, og at dei har kome fram til at sistnemnde kan klare å dekkje heile kommunen åleine.
Bitustøyl seier òg at dei vil freiste å tilsetje ein ergoterapeut i kommunen, som då vil få ein del av ansvaret for å tilpasse hjelpemidla og dermed lette arbeidsbyrden til vaktmeistaren.