Velkledd bursdagsfeiring på nasjonaldagen
Somme vakna til ein vinterleg 17. mai, men det la ingen dempar på nasjonaldagfeiringa i Vest-Telemark.
Unni Elise Timland Lio var blant dei mange bunadskledde som feira nasjonaldagen på Dalen. Ho feirar bursdag på same dag som heile landet pyntar seg og feirar grunnlovsdagen. Laurdag var Unni Elise tri år, og ho feira mellom anna med fleire rundar på trihjulssykkel.
I folkefesten i det nye kulturhuset underheldt mellom anna dansegruppa «The queens». Kåre Geir Lio frå Dalen, no busett i Bodø, heldt årets 17. mai-tale. Han mimra tilbake til oppveksten og retta ein hyllest til generasjonen som bygde opp landet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hardingfele og korps
I Seljord kikka soli fram då toget la i veg frå kyrkja mot stoppestad Granvin. Då hadde alt korpset og elevar underhalde ved Hermannsbautaen og Dag Aanderaa heldt ord for dagen.
Nytt i årets 17. mai-tog var samspelet mellom juniorspelemannslaget, aspirantlaget og skulemusikken, og hardingfele og korps gjekk godt saman.
På folkefesten på Granvin var det mellom anna festtale ved Kristin Skogheim, revy og prisutdeling.
Skrytte av naboen
Harald Valle var invitert til Fyresdal for å halde 17. mai-tala. Treungen debuterte som nasjonaldagstalehaldar. Han tok føre seg sitt forhold til Fyresdal og fyresdølar, og skrytte av det dei har fått til i nabokommunen.
Hald fram med å vera kreative og fornye dykk, men ikkje slutt å vera fyresdølar, avslutta Valle.
Det var eit rikhalding program i samfunnshuset, der mellom anna alle elevane i 6. trinnet ved Gimle skule var på scena og underheldt. I tillegg bidrog korpset til å sette sitt preg på nasjonaldagfeiringa.