Kan ende med ekspropriasjon
Fyresdal kommune ynskjer å lage veg for mjuke trafikantar lange fylkesvegen og ned til næringshagen, men har ikkje fått i stand ei avtale med den eine av dei to grunneigarane i området.
Rådmannen i Fyresdal har tilrådd kommunestyret å vedta å ekspropriere nødvendig grunn til å ferdigstille gang- og sykkelveg frå gamle Skogtun til krysset for den kommunale Prestegardsvegen forbi kyrkja og ned til næringshagen, og utviding av veg derfrå til kommunalt reinseanlegg.
I sist kommunestyremøte kom Ap med eit endringsforslag som blei samrøystes vedteke og som er eit forsøk på å løyse saka utan ekspropriasjon:
Artikkelen held fram under annonsen.
«Planlagt tiltak som er skissert i saka blir endra på fylgjande område:
Vegen bak næringshagebygget mot den nye kyrkjegarden blir ikkje utvida i breidda.
Fortau langs kommunal veg til kyrkja/bryggeparken/næringshagen blir lagt på sørsida av eksisterande veg. Dette medfører endra føresetnader med omsyn til grunnavståing/ulemper. Rådmannen får fullmakt til å framforhandle avtale med grunneigarane, som om mogleg alle partar kan godta. Forhandlingsresultatet blir lagt fram for formannskapet til avgjersle. Dersom forhandlingsresultatet ikkje er akseptabelt for kommunen blir ekspropriasjonssak fremma for kommunestyret, der planløysing skissera i kommunestyresaka blir lagt til grunn.»
Fyresdal kommune har sett av midlar til bygging av fortau langs Prestegardsvegen, og det er løyvd 700 000 kroner av trafikksikringsmidlane.
Bygging av gang- og sykkelveg er ei fylkeskommunal oppgåve. Kommunen kan kome til å forskotere gang- og sykkelvegen frå Prestegardsvegen til Skogtun slik han gjorde for gang- og sykkelvegen nordover frå sentrum. Då forplikta fylkeskommunen seg til å overta anlegget når det var ferdig, og betale kommunen tilbake etter ein plan for dette.