Vakkert i kapellet på Nutheim
Vil du meg lyde, eg kveda kan innleia kvedaren frå Rysstad i Setesdal då han gjesta kapellet på Nutheim for fyrste gong med Draumkvedet sundag.
Det var ein spent utøvar som stega ut i kapellet i prestegarden på Nutheim sundag kveld etter at vert Ellen Grøstad Barstad hadde ynskt velkomen til gjester både i kapellet, oppe i trappa, inne ved altarringen, i preikestolen og ute i gangen. Det var fullt hus, med andre ord.
Over 80 menneske, heilt fantastisk, seier ho glad.
Artikkelen held fram under annonsen.
For tredje gong blei Draumkvedet framført i kapellet, denne gongen av ein audmjuk setesdøl frå Rysstad i Valle med namnet Kim Andre Rysstad.
Eg var spent på korleis konserten ville gå, for eg datt og slo kneet og bresta eit ribbein i går. Eg har aldri halde konsert med ribbeinsbrest, men det gjekk bra. Dette er faktisk den største opplevinga eg har hatt med framføring av Draumkvedet nokon gong, seier setesdølen.
Med på reisa
Han fortel at konserten sundag er den mest spesielle han har formidla om visjonane i det norske mellomalderkvadet der Olav Åsteson fell i djup søvn på joleftan og ikkje vaknar att før trettandedag jol.
Heilt stille, levande ljos og fullsett kapell. Bare med hjelp av eiga røst tok Rysstad publikum med på reisa Åsteson opplevde i søvnen. Folkemusikaren formidla det hovudpersonen såg i livet etter døden, korleis synder blei straffa, gav glimt inn i paradiset og skildra då Olav rir til kyrkja for å fortelje om den sterke opplevinga.
Stort stykke
Rysstad fortel at han alltid har kjent til og høyrd Draumkvedet, gjerne framført av Sondre Bratland og Kirsten Bråten Berg, men at det var eit steg å ta fatt på verket sjølv.
Det var så stort og skummelt å ta tak i. Musikken er så flott og den tar deg, og det var fyrst i 2008 eg tok sjansen og greip fatt i teksten, prøva å gjere han om litt til min eigen og framføre verket sjølv. Då hadde eg to framføringar i Fantoft stavkyrkje i Bergen, fortel kvedaren.
Nutheim har musikaren aldri gjesta tidlegare, men han har framført Draumkvedet på Rauland.
Rungande applaus og takksame gjester helsa utøvaren for ei vakker framføring av det imponerande lange visjonsdiktet skrive ned i ulike variantar i Telemark på 1800-talet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter konserten blei gjestene invitert med opp i stova til heimebakst, kaffi og «Rom for fred», samtalar om fred og spiritualitet, der Stein Versto var innleiar.
Ei flott avrunding av årets trettandedag jol.