Nutheim gjestgiveri ligg idyllisk til i kleivane opp frå Flatdal, og staden har snart 150 år med historie bak seg. Hagen blei opparbeidd av Gina Thommesen som kjøpte hotellet i 1901.
Nutheim gjestgiveri ligg idyllisk til i kleivane opp frå Flatdal, og staden har snart 150 år med historie bak seg. Hagen blei opparbeidd av Gina Thommesen som kjøpte hotellet i 1901.

Kunsten å vera gjestfri

I 2006 tok Ellen Grøstad Barstad over drifta av Nutheim Gjestgiveri. Med støtte frå familie og venner er den kulturhistoriske perla på stø kurs framover.

I 1862 kom det ny veg opp over bakkane frå Flatdal, og i krysset opp mot Åmotsdal vaks det fram eit lite sentrum med skysstad, butikk og hotell. Slik startar soga til Nutheim gjestgiveri.

I 1917 kjøpte brørne Halvor og Olav Svartdal eigedommen, og sidan har hotellet halde seg i same slekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Erlend og Anne Grøstad overtok drifta i 1957, og dei dreiv hotellet i om lag 50 år før dottera Ellen tok over. I løpet av dei åra Erlend og Anne Grøstad dreiv Nutheim sette dei sitt preg på hotellet. Formidling av kunst og kultur fekk stor plass i hotelldrifta. Erlend Grøstad hadde kunstutdanning og i 1960 starta han opp med målarkurs. Bygningsmassa blei òg utvida. I 1963 blei Hjartdal prestegard flytta til Nutheim.

Ville prøve

Ellen Grøstad Barstad er utdanna kunstar og sjølv om ho vaks opp på hotellet, var ho ikkje sikker på om ho ville ta over.

– Eg har alltid fått høyre at eg skulle ta over hotellet, men eg har òg alltid vore i tvil. Men eg likar arbeidet og ein får møte mange trivelege folk. Dessutan har eg alltid vore interessert i kunst og kultur og ikkje minst formidling av dette. Difor ville eg prøve, seier Ellen Grøstad Barstad.

Tradisjon og nyskaping

Etter overtakinga har tradisjonar og verdiar blitt bygd vidare på, men nokre endringar har det kome. Oppussing av inngangspartiet, belysning ute, ombygging av kjøkkenet og eit nytt barområde er nokre av endringane. Galleri for kunst er òg flytta ned i kjellaren på hotellet.

– Me håpar å få inn midlar til meir oppussing og vedlikehald framover. Det er òg viktig at det ser ordentleg ut rundt hotellet. Det er gratis reklame for oss om det ser fint ut her, meiner hotelldrivaren.

Alt av mat ein får på hotellet er heimelaga, brød, kaker og middagar. Hotellet har til og med sitt eige øl, Blengsøl. Ølet er det ektemannen Trygve Barstad som bryggjar.

¬ – Me er solide innanfor det me tilbyr og eg er stolt av at det finst ein slik stad der ein kan stikke innom. Eg synest det er hyggeleg å kunne tilby det folk har lyst på, men det krev sitt, seier Ellen Grøstad Barstad.

Det blir lange dagar med arbeid heile året gjennom, og særleg er sommaren høgsesong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen framover

Hotellet kjem til å gå ei ny tid i møte med omlegginga av vegen når tunellen frå Århus og over til Gvammen kjem. I dag kjem det mange innom hotellet på veg gjennom Flatdal, men det kan endre seg når trafikken minkar. Difor planlegg hotelldrivaren framtida med tanke på andre kundegrupper.

– Me vil halde på med målarkursa, som me har gjort i 50 år, men me må byggje vidare på kunstbasen. Det er hjertebarnet mitt. Eg håpar det ikkje bare er masseturisme som lønner seg framover, forklarar Ellen Grøstad Barstad.

Tankar kring utbygging og bruk av kunst i hotelldrifta er det mange av, og nokre konkrete idear har ho.

¬– Me har hatt eit par konsertar her i vår med flott musikk og godt oppmøte. Der kom det òg mange bygdefolk og det var svært hyggjeleg. Det vil me satse på vidare i utkanten av sesongen, seier hotelldrivaren.

Familiebedrift

Nutheim Gjestgiveri er eit lite hotell og arbeidstidene er på det tøffaste når alle andre har ferie. Kombinasjonen med mykje arbeid og familieliv kan òg vera utfordrande. Hotelldrivaren er gift med kunstnaren Trygve Barstad, og saman har dei fire born. Alle stiller opp om det trengs.

– Hotellet er nærmast som ei familiebedrift der alle trør til. Det er hyggeleg at heile familien stiller opp og at det blir eit familieprosjekt, smiler Ellen Grøstad Barstad.