Reiselivsprosjekt får 30 000 frå Nissedal – om alle andre kommunane også er med

Nissedal formannskap ser positivt på prosjektet «Kom til Vest-Telemark 2020», og løyver 30 000 kroner frå næringsfondet til satsinga.

Med fleirtalsrøystene til Ap og Høgre blei det føya til i vedtaket at ein føresetnad for løyvinga er at alle kommunane i Vest-Telemark gjer vedtak om å stø prosjektet økonomisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet til reiselivsprosjektet i Vest-Telemark er å sette saman gode naturopplevingar som kombinerer overnatting, aktivitetar, kultur og lokalmat på ein attraktiv måle, tufta på nasjonale smittevernråd.

Bakgrunnen for prosjektinitiativet som ein del av reiselivsnæringane har tatt, er situasjonen reiselivet fekk i samband med koronautbrotet og stenging av bransjen.