Økonomisk politikk i blinde?
Les med undring Nissedal Senterparti sitt lesarinnlegg i VTB laurdag 18/7, der det blir forsøkt å gje ein beskrivelse av dei økonomiske prioriteringane til Nissedal Arbeiderparti, og skjønar at nå har valkampen starta.
For min del har eg som fokus å snakke om Nissedal Arbeiderparti sin politikk, ikkje dei andre partia sine prioriteringer, men då det kjem utallige grunnlause og spekulative beskrivelsar om politikk vår fra det nest største partiet i kommunen føler eg behov for å rette noko på eit merkeleg bilde som blir forsøkt skapt frå Nissedal Senterparti.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg er sikker på at dei fleste innbyggarane i Nissedal kommune er fullt klar over at me over ein periode hatt ein krevjande økonomisk utvikling i Nissedal. Primært heng dette saman med at me over mange år hatt eit driftsnivå som ikkje samsvarar med dei inntektene me har hatt. Det er i hovedårsak tri område kor me skiljer oss ut i høve til sammanliknbare kommunar, det er innan omsorg, barnehage og skule.
Det er i Nissedal kommune gjennom mange periodar vore eit sterkt politisk ynskje om at me skal ha eit tilbod til dei eldste som skal skinne, her har Kristeleg Folkeparti gjennom sine periodar i posisjon hatt dette som ei svært viktig prioritering, noko som eg er svært glad og samd i. Tilbodet me gjer dei eldste skal me vere svært stolte av som innbyggarar i Nissedal.
Innan barnehage har Nissedal Arbeidarparti alltid vore ein forkjempar for å ha eit tilbod me kan vere stolte av, det er me også. Sammfunnsedringane gjennom dei siste par tiår har gjort behovet større og mykje meir spesialiserande, her har Nissedal kommune skapt eit tilbod som er særs godt tilpassa tida me lever i. Me meiner at nærhet til barnehage har vore mykje viktigare for lokalsamfunnet enn nærheten til skule.
Det er inga hemmelegheit at den største politiske skilnaden mellom Nissedal AP og Nissedal SP har gjennom mange år vore synet på korleis me organiserer skulen, her er me svært uenige og det må det vere greitt å vere. Nissedal AP ynskjer rett og slett ikkje å sitje med tri skular i Nissedal, dette ikkje bare basert på den økonomiske utfordringa dette utgjer, men me meiner også at den umiddelbare nærheten til skulen ikkje er det viktigaste, men at man kan gje flest mogleg ein skulekvardag med fokus på det som er viktig for dei minste, nemleg det sosiale og faglege miljøet. Nissedal AP respekterar at det ikkje er eit fleirtal i dagens kommunestyre for å gjere noko med grendeskulestrukturen, derfor kjem vårt fokus i neste periode til å vere på Nissedalskulen og kvaliteten i denne. Skulane må ha eit mykje tettare samarbeid enn dei har i dag og me må utnytte dei kvalitetane og eigenskapane til alle delar av Nissedalskulen optimalt. Det må eit betydeleg endra syn på strukturen i det nye kommunestyret for at grendeskuledebatten kjem opp til ny handsaming i neste periode.
Dei politiske prioriteringane lagt saman, har Nissedal kommunestyre ei stor utfordring å sy saman eit budsjett. Med desse gode, men dyre prioriteringane innanfor dei store einingane omsorg, barnehage og skule, rekk rett og slett ikkje pengane til. Forslaget til Nissedal AP om å legge ned Fjone skule og mellomtrinnet på Kyrkjebygda oppvekstsenter samt nokre innsparingar på administrativt nivå for budsjettet 2014 og 2015 fekk ikkje fleirtal, det gjorde derimot Nissedal SP og Nissedal FRP sitt forslag, som innebar innføring av eigedomsskatt på hus og hytter i Nissedal. Det er ingen som likar eigedomsskatt, sjølv ikkje i FRP, men det var om ikkje anna eit ansvarleg vedtak som gjorde at budsjettet balanserte.
Når me igjen ser at inntektene ikkje står i samsvar med utgiftene (dette primært grunna stor svikt i kommunens normale skatteinntekter) nå bare 7 mnd etter at eigendomsskatten vert innført, har Nissedal AP eit innstendige ynskje om at politikrane ikkje velger den uansvarlege løysinga å skru opp eigedomskatten, tar me ikkje ansvar her vil eigedomsskatten være på max om ikkje mange åra. Det er dessverre slik at det å vere politiker gjer at ein må ta nokre tøffe val , da er ikkje tida inne for å til dømes kome med forslag om etablering av oppvekssenter med barnehage på Fjone. Nå må alle partia, sjølv om det er valkamp, ta ansvar for det me er sett til å ha ansvar for, sjølv om det kan vere ubehageleg.
Ein må også slutte fable om ei gruppe menneske tilsett i Nissedal kommune som overflødig, me veit alle betre enn som så. Me må hugse på at me er arbeidsgjevar for ei stor gruppe menneske i Nissedal kommune, alle ansvarlege parti i Nissedal bør ha god kjennskap til vår gjennomsiktige og ikkje alt for store organisasjon. Å insinuere at ordførar eller andre held noko skjult for omverda og skulle frykte ekstern gjennomgang av organisasjonen blir søkt og simpelt, me treng ikkje bruke hundrevis av tusen for å få beskjed om at me brukar meir pengar enn andre på omsorg, barnehage og skule, det veit me og da må me vere ansvarlege nok til å innrømme det. Våre gode tilsette fortener betre enn å få slengt etter seg at me kan spare 5 millionar kroner på oppsigelsar utan at det vil ramme tenestetilbodet i det heile. Sanninga er at dersom man ein i det heile tatt nærma seg desse summane vil det ramme tenestenivået KNALLHARDT, dette er rett og slett ikkje anna enn eit hån mot våre flotte arbeidstakarar, skjerpings!
Halvor Homme
Artikkelen held fram under annonsen.
1. kandidat Nissedal Arbeiderparti