Mindretalet av kommunestyrerepresentantane i Tokke, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti, røysta imot å avslutte arbeidet med intensjonsavtala med Fyresdal. Dei ynskte eit siste møte for å sjå om det var mogleg å få Fyresdal til å endre meining om organiseringa av næringsarbeidet.
Mindretalet av kommunestyrerepresentantane i Tokke, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti, røysta imot å avslutte arbeidet med intensjonsavtala med Fyresdal. Dei ynskte eit siste møte for å sjå om det var mogleg å få Fyresdal til å endre meining om organiseringa av næringsarbeidet.

Tokke sa nei til Fyresdal

Kommunestyrets fleirtal med 11 mot 10 røyster sa tysdag nei til å gå vidare med intensjonsavtala med Fyresdal. Det avgjerande punktet blei organiseringa av næringsarbeidet.

Det har vore eit tydeleg krav frå Fyresdal si side at det skal etablerast eit eige næringsselskap i ein eventuell ny kommune. Det har frå Tokke kommune si side ikkje vore aktuelt å gå inn for dette. Dermed blei det tunga på vektskåla då politikarane røysta over å halde fram med eller avslutte arbeidet med intensjonsavtala.

– Det har vore gode forhandlingar med vilje frå båe kommunar til å få til noko. No forstår eg at Fyresdal nærast stiller eit ultimatum om organiseringa av næringsarbeidet. Det kan verken me i Arbeidarpartiet eller KrF godta. Me må ha ei endring på det om me skal gå vidare, sa Hilde Alice Vågslid (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho la elles til at det var mange område som Fyresdal og Tokke og andre kommunar kan samarbeide om i framtida.

Feil tidspunkt

Birgit Johanne Kovajord Olsnes (Sp) kom med framlegg om å stoppe det vidare arbeidet med avtala.

– Tida er ikkje rett, sa ho.

Olav Urbø (Sp) var samd med partifelle Olsnes.

– Senterpartiet er imot Sanners kommunereform, men ikkje nødvendigvis kommunesamanslåing. Sanninga er at norske kommunar har vore ein stor suksess i Europa. Reforma frå Sanner er ei sentraliserings- og innsparingsreform. Reforma blir ein fiasko, slo Urbø fast.

Thor Arne Heggtveit (Sp) meinte det var feil retning å vende seg mot Fyresdal.

– Med E134 som ny stamveg blir det for meg feil å gå mot Fyresdal. Organiseringa av næringsarbeidet kan eg heller ikkje gå for, sa han.

Ordførar Jarand Felland (Sp) slo også fast at ultimatumet frå Fyresdal ikkje var mogleg å godta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tida er ikkje mogen no, sa han.

– Me er nok samde om å seie nei, men det har noko med prosessen å gjere. Me kan tenkje oss å ha eit siste møte med Fyresdal for å sjå om me kan få dei til å endre meining om næringsarbeidet, sa Vågslid.

– Litt som ein sommarflørt altså. Du kan ikkje slå opp på telefon, men møte vedkomande andlet til andlet, sa Knut Kristian Vadder (Sp).

Framlegget frå Senterpartiet om å avslutte det vidare arbeidet med intensjonsavtale fekk fleirtal med 11 mot 10 røyster. Mindretalet, Ap og KrF, ynskte eit siste møte med Fyresdal.

Ikkje overraska

– Vedtaket i Tokke kom ikkje heilt uventa, og mest truleg hadde det blitt nei til samanslåing på eit eller anna tidspunkt likevel. Slik sett er det positivt at me slepp å bruke meir tid på dette. No synest eg kravet vårt om organiseringa av næringsarbeidet var moderat med tanke på at me hadde få krav utanom dette, seier Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen (Ap) til VTB.

Interkommunalt samarbeid

Han håpar likevel at kommunane kan få til eit interkommunalt samarbeid på ein del område, men at initiativet til det må kome frå Tokke.

– Me har sagt at me gjerne samarbeider der det er noko å spare, men eg forstår det slik at kommunestyret i Tokke ikkje gjorde slikt vedtak, seier Skjervagen.

Han trur ikkje at politikarane i Fyresdal ynskjer å vurdere invitasjonen frå Kviteseid, Nissedal og Seljord om å bli ein del av det firkløveret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har me diskutert tidlegare, og då var haldninga lunken. Me skal sjølvsagt diskutere temaet, men eg har mine tvil om det blir noko av, avsluttar Skjervagen.