Fjelleigedom til sørlandsbonde
Eit klart fleirtal i Fyresdal kommunestyre sa ja til å gje bonde og forretningsmann Johan Benad Ugland i Grimstad bufritak på Austre-Nape.
Etter torsdagens kommunestyremøte kan bonde og milliardær Johan Benad Ugland førebu seg på å betale18,5 millionar kroner for Austre-Nape i Fyresdal. Det er salsprisen for den største eigedomen i kommunen, 38.300 dekar totalt og 24 bygningar.
Å la Ugland overta og drive Austre-Nape er det beste som nokon gong kan skje med eigedomen, slo Lars Arvid Bjørgulfson (Ap) fast i starten av ein politisk debatt som skulle vise seg å bli heller kort.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bjørgulfson var sikker på at Uglands overtaking og planar for fjelleigedomen vil gje fleire arbeidsplassar enn om ein annan familie overtok Austre-Nape og budde der. Lokalpolitikaren meinte det no vil bli veldig aktivitet på eigedomen, og var klar for å gje fritak frå buplikta.
5 års buplikt
Tor Bolstad Jensen (Bygdelista) hadde ei anna meining.
Det er veldig hyggjeleg at Ugland vil kjøpe eigedomen, det er bare synd at han ikkje har lyst til å bu der, sa han, og føreslo fem års buplikt, men at Ugland får utsetting i tri år for å klargjere hus for heilårsbusetting.
Det var ikkje partifelle Saamund Gjersund einig i. Han konkluderte med at Austre-Nape ligg for avsides til at ein kan forlange buplikt.
Som venta viste saka seg å få same utgangen som tilrådinga i utval for landbruk og teknikk. Tor Bolstad Jensen og Gunnar Kvasjord (Sp) blei aleine om å ville forlange buplikt på Austre-Nape. Dermed er konsesjonssaka i boks for Ugland.
Gler seg til å byrje
Ein stornøgd Johan Benad Ugland er klar for å satse i Fyresdal. Det er ikkje bare Austre-Nape som kan kome til å få merke det.
Eg gler meg veldig over at det var så stort fleirtal i kommunestyret og eg føler meg velkomen til Fyresdal. Fantastisk positivt! Vedtaket frydar meg og gjev krefter. Dette er ikkje stort bare for meg, men heile familien, fire generasjonar i dag og dei som kjem etter, strålar Johan Benad Ugland etter at konsesjonen på Fyresdals største eigedom har segla inn i skipsreiarfamilien på Sørlandet.
Så fort som mogleg vil han starte med å gjere Austre-Nape til ein oase av ein møtestad. Ugland vedkjenner at han alt har laga klar pakker som han må finne lokale folk i Fyresdal til å hjelpe med å utføre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hotellet
Eg gler meg til å finne lokale firma og folk i Fyresdal som kan hjelpe slik at eg får eit fantastisk senter for oss alle. Og så må me få til ein moderne driftsbygning på eigedomen, seier Ugland.
Han er opptatt av å jobbe med ærlege og oppriktige saker, ikkje bobler og falske ting. I samband med etableringa på Austre-Nape ser Ugland for seg å vere med og trekkje aktivitet til Fyresdal.
Me har ein klar filosofi om kva som skal til for å få nye arbeidsplassar i Fyresdal, seier Bjørn Vedal, direktør i Ugland Eiendom.
Han fortel at det har vore fleire møte med aktørane som ynskjer å få ny drift der hotellet i Fyresdal ligg.
Planane for hotellet er veldig interessante. Me er spurde om me er interessert i å vere med på dei, og det har me sagt ja til. Når det gjeld hotellet er det ein lang veg å gå og saka må jobbast med, seier Vedal.
Me manglar ikkje idear, avsluttar han i samband med at Ugland er på veg inn i Fyresdal og ein fjellheim som kan inspirere til litt av kvart.
Fleirtal for buplikt på Borgen
Med 13 mot 8 røyster har Fyresdal kommunestyre vedteke at Atle Erikstad får 5 års buplikt på Borgen. Mindretalet meinte 10 års buplikt i kommunen var greitt.
Jordbrukssjefen i Fyresdal og hovudutvalet for landbruk og teknikk ville gje Atle Erikstad frist på 3 år med å flytte til eigedomen Borgen i Borggrend med 5 års buplikt. Rådmannen gjekk i staden inn for 10 års buplikt i kommunen, og såg gjerne ein prinsippdebatt om ein skal gå på slike løysingar i visse konsesjonssaker.
Artikkelen held fram under annonsen.
I kommunestyret torsdag blei det langt meir debatt om fritakssøknaden frå Erikstad, enn om ein skal ha opning for å gje 10 års buplikt i kommunen framover. Gunnar Kvasjord (Sp) hadde nett opplevd at det blei bufritak på Austre-Nape.
Så skal ein forlange buplikt på Borgen av ein som bur i kommunen Det er betre å ha slike som han enn at eigedomar er på utanbygdes hender, sa politikaren.
Han ville stø rådmannens forslag, men ville ha med eit tillegg at huset på Borgen blir stelt opp til heilårsbustad innan 3 år og blir leigd ut.
Tilhøyre bygdefolk
Partifelle Per Helge Seltveit hadde eit anna syn og konkluderte med at han ville gå for innstillinga til eit samrøystes hovudutval. I det utvalsmøtet deltok Siw Berve (Ap).
Dess meir eg har tenkt på saka ser eg at rådmannen har mange gode poeng. Kanskje bør me vere meir lempelege på buplikta, sa ho, og hadde snudd i saka.
Nils Kristian Moe (Ap) la vekt på at Erikstad bur i kommunen.
Kommunen skal ikkje leggje hinder i vegen for at Erikstad overtek ein gard som har vore i familien sidan 1600-talet. Det er viktig at eigedomar er å finne i hendene til fyresdølane. Eg kjem med framlegg om å stø innstillinga til rådmannen, sa han.
Saamund Gjersund (Bygdelista) syntest det ville bli trasig om eigedomane rundt omkring skal vere eigde av folk i sentrum av kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det styrkar ikkje Borggrend om Erikstad pussar opp og det blir ein fin jakteigedom, sa han.
Det vart elles diskutert om det lettare kan bli bufritak på ein eigedom med dårleg bustadhus som treng kraftig oppussing. Eit slikt argument ville ikkje Gjersund vere med på, og påpeika at ved overtaking av eigedomar må ein vere førebudd på at hus må rustast opp.
Slepp til dei med bulyst
Kjell Sverre Thoresen (Sp) syntest kommunestyret i liten grad diskuterte det som rådmannen inviterte til. Elles sa han at om det blir 10 års buplikt i kommunen, er det kanskje ikkje hus på Borgen i det heile om 10-20 år.
Dei med bulyst må få kome til på plassar som Borgen. Derfor må det vere buplikt, sa Tor Bolstad Jensen (Bygdelista).
Torsdag var ikkje den heilt gode kvelden med tanke på røystemåtar. Det blei til at hovudutvalets framlegg blei sett opp mot både tilrådinga frå rådmannen og tilleggsframlegget frå Kvasjord. 13 røyster var klare på at dei vil ha busetting på Borgen. Så får ein sjå om det blir slik, eller om det kjem ei anke til Fylkesmannen som kan snu saka til fordel for Erikstad.