Avtala om vassressursane gjev mellom anna 40,5 millionar kroner til Telemark utviklingsfond. – Regionen må finne gode tiltak som kan hente midlar frå utviklingsfondet, oppmodar Øyvind Tveit.
Avtala om vassressursane gjev mellom anna 40,5 millionar kroner til Telemark utviklingsfond. – Regionen må finne gode tiltak som kan hente midlar frå utviklingsfondet, oppmodar Øyvind Tveit.

Forslag til kraftavtale renn rette vegen

Denne månaden er det fem år sidan fylkeskommunen byrja å diskutere ei ny konsesjonskraftavtale med kommunane i Øvre Telemark. Fylkestinget har samrøystes godkjent nytt forslag til avtale for ein periode på 15 år, medan kommunane i Øvre Telemark er i god gang med å gjere det same. – Totalt sett er eg godt nøgd med den nye avtala, og dei åtte kommunane har ei avtale dei godt kan leve med, seier Øyvind Tveit, forhandlingsleiar for Hjartdal, Tinn og kommunane i Vest-Telemark.

I 1981 inngjekk Hjartdal, Tinn og kommunane i Vest-Telemark 30-års avtaler med fylkeskommunen om fordeling av konsesjonskraft frå utbyggingane i Øvre Telemark. For nokre år sidan varsla fylkeskommunen at ein ikkje ville vidareføre avtalene. Det skein igjennom at fylket meinte avtalene var alt for gode for dei åtte kommunane.

Avtalene gav millionar av kroner til kommunale næringsfond og det interkommunale fellesfondet. Pengane frå konsesjonskrafta blei det viktigaste økonomiske verkemiddelet for regional utvikling i Øvre Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

I juni 2004 starta drøftingane om kva som skulle skje med kraftsamarbeidet mellom dei åtte kommunane og fylkeskommunen etter utgangen av avtaleperioden. Fellesfondet valde dåverande Nissedal-ordførar Øyvind Tveit som leiar i eit tingingsutval der også Vinje-ordførar Arne Vinje, dåverande Fyresdal-ordførar Saamund Gjersund, Tinn-ordførar Erik Haatvedt og sekretær Rune Lødøen var med.

Tøffe tak

Partane hadde to svært ulike utgangspunkt. Fylkeskommunen ville ha all overskytande konsesjonskraft, medan dei åtte kommunane ville vidareføre dagens avtale.

– Dåverande fylkesting i 1981 såg rettvisa i å tilbakeføre midlane der dei kom frå, seier Øyvind Tveit om avtala som vart inngått.

Det skulle vise seg å bli tøffe tak i forhandlingane, men Tveit sat med ei kjensle av at det var politisk vilje også i fylkeskommunen til å prøve å kome fram til ei avtale, slik at saka ikkje enda i retten. Tap for dei åtte kommunane i ei eventuell rettssak kunne gje dramatiske konsekvensar. Tveit seier det ikkje bare var pengane som stod på spel, men også at ei rettssak ville gje ei stor politisk belastning.

– Heile tida følte eg me hadde ei god sak, på same tid som det var ein utryggleik. I denne saka var veldig mykje på spel. Det var tider i forhandlingane eg trudde det gjekk mot rettssak. På eit møte i Tinn blei det brot i forhandlingane. Etter brotet var hovudstikkordet risikodeling det som bringa oss tilbake til forhandlingsbordet, fortel Tveit.

Kraftig prisauke letta

Etter fleire år med kamp og tingingar kom partane fram til eit avtaleforslag som eit samrøystes fylkesting alt har godkjent, og som i desse dagar temmeleg sikkert blir vedteke i alle dei åtte kommunane.

– Til tider følte eg at saka trekte alt for langt ut. I ettertid ser eg at den lange tida var med og påverrka båe partane for å kome fram til eit forlik. Partane ynskte å kome fram til eit forhandlingsresultat og sleppe rettssak. Det var lurt, seier Tveit.

Eit poeng som gjorde det lettare å kome til forlik, var ein kraftig auke i konsesjonskraftprisen seinare tida. Det nyt både kommunane og fylkeskommunen godt av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tveit fortel om eit veldig godt samarbeid i forhandlingsutvalet han leia. Representantane frå Øvre Telemark var samkøyrde heile tida, noko Tveit meiner var svært viktig.

– Ser me totalresultatet i den nye avtala, har kommunane kome ganske bra ut sett i forhold til kva som har skjedd i andre fylke. Dessutan har kommunane og fylkeskommunen klart å bevare eit godt forhold etter forhandlingane. Det er noko båe partane er glade for, seier Tveit.

– Totalt sett er eg godt nøgd med den nye avtala, og dei åtte kommunane har fått ei avtale dei godt kan leve med. Utfordringa blir å utnytte den nye avtala til beste for utvikling i regionen vår, legg Tveit til.

Med dagens prisar vil dei åtte kommunane i den nye avtala sitje att med 45,5 millionar kroner til fordeling i dei lokale næringsfonda. Tveit vedkjenner at dei åtte som utbyggingskommunar nyt godt av kraftmidlar, men påpeikar at dette er erstatning for inngrep som utbyggingane gjev.

– Det som kjem mindre fram i media er at kraftselskapa heilt klart har nytt godt av straumprisauken dei siste åra. Selskapa, som fyrst og fremst ligg i Grenlands-kommunane, har hatt rekordoverskot, minner Tveit om.

– Finne gode tiltak

I eitt av punkta i ny avtale står det at det nyoppretta Telemark utviklingsfond skal medverke til finansiering av regionsamarbeidet i dei åtte konsesjonskraftkommunane.

– Me var opptekne av å vidareføre det gode samarbeidet i regionen. Mykje av dette samarbeidet er per i dag finansiert av Fellesfondet. Når Fellesfondet forsvinn må målet vere å få same summen frå Telemark utviklingsfond. Eg er optimist med tanke på dette, kommenterer Øyvind Tveit.

Elles var båe partane tidleg einige om å få med at konsesjonskraftverdiane blir nytta til samfunnsføremål i det geografiske området som utgjer Telemark fylke på det tidspunktet avtala blir inngått.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan kome regionsamarbeid eller at fylka forsvinn. Derfor er dette punktet veldig viktig, seier Tveit.

Vidare står det i avtala at Telemark utviklingsfond skal særleg støtte utviklingstiltak i næringssvake kommunar og kommunar med folketalsnedgang.

– Fylkeskommunen vil nok seie at alle kommunane i Telemark slit med folketalsnedgang. Det er nok heller på den næringssvake sida dei åtte kommunane står sterkast. Det viktigaste me må jobbe for i regionen no er gode tiltak og søknader som kan hente midlar frå utviklingsfondet. Då kan det skje at dei åtte kommunane sit att med meir enn dei 15 millionar kronene som er i Fellesfondet i dag, avsluttar Tveit.

Fordelinga

I forhold til dagens verdi på konsesjonskraft får kommunane i Vest-Telemark desse endringane i inntekter til næringsfonda frå 2011: Vinje 14,12 millionar (gamal avtale 20,172 mill), Tokke 4,4 mill (6,573 mill), Seljord 6,2 mill (5,145 mill), Fyresdal 7,64 mill (10,64 mill), Nissedal 4,88 mill (4,018 mill) og Kviteseid 2,2 mill (1,145 mill).

Dessutan forsvinn Fellesfondet ved at dei rundt 15 millionar disponible kronene i staden går inn i eit utviklingsfond for heile Telemark. Med dagens prisar vil dette fondet årleg ha rundt 40 millionar kroner å dele ut.