Partiformann Carl I. Hagen har vore i Vest-Telemark for å vere drahjelp i valkampen for dei nystifta FrP-laga. Her er han saman med listetoppane Tarjei Skræi, Seljord (f.v.), Astri Randsborg Fladberg, Tokke, og Tore Damberg, Vinje.
Partiformann Carl I. Hagen har vore i Vest-Telemark for å vere drahjelp i valkampen for dei nystifta FrP-laga. Her er han saman med listetoppane Tarjei Skræi, Seljord (f.v.), Astri Randsborg Fladberg, Tokke, og Tore Damberg, Vinje.

Vil ha serviceinnstilte ja-kommunar

Partiformann Carl I. Hagen besøkte før helga Vest-Telemark for å delta i valkampen for dei nystifta FrP-laga. Om FrP kjem til makt vil kommunen seie ja til det meste, bli meir serviceinnstilt og lokaldemokratiet vil få betre vilkår, lova han.

Carl I. Hagen hadde sett av fredag i førre veke til Vest-Telemark. Fire kommunar, Nissedal, Tokke, Vinje og Seljord, stiller som kjent FrP-liste for fyrste gong. Dei fekk god drahjelp i valkampen av partiformannen. Sjølv om det er eit lokalval og søkjeljoset burde rettast mot dei lokale kandidatane, er det ikkje tvil om at Hagen kan dette med å tale til folk og få fram bodskapen til FrP. Ein stor folketalar, eller folkeforførar, vil kanskje motstandarane seie.

Bodskapen han bar fram både under opninga av ny avdeling på brusfabrikken i Fyresdal, folkemøtet på bryggeområdet på Dalen og på Granvin i Seljord er kjent for dei fleste. Det er ikkje innhaldet som imponerer, men måten han seier det på og står fram på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er ein av dei beste, om ikkje den beste, til å argumentere og debattere på fjernsynsskjermen. «Live» er han endå betre. I alle fall var han det i Vest-Telemark. Det arrogante, indignerte og aggressive var borte. I staden stod han fram, utan manuskript, som vennleg, velmeinande og nesten audmjuk over for dei mange tilhøyrarane. På Dalen møtte rundt 130 personar fram, i Seljord var det endå fleire, kanskje over 150.

Vil innføre kardemommeloven

Bodskapen til Hagen var at byråkratar og politikarar skulle seie ja til det meste om FrP kom til makt.

– Det er for mange politikarar som er på jakt etter problem som ikkje finst. Dei skal seie ja og vere serviceinnstilte til all aktivitet som ikkje er til ulempe for andre. Fylkesmannens saksbehandlarar skal ikkje få stoppe lokale fleirtalsvedtak. Om innbyggjarane i ein kommune vil byggje i ei strandsone eller lage traséar for skuterkøyring, skal kommunen bestemme det sjølv, ikkje ha innblanding av statens kontrollorgan, hevda Hagen til applaus frå publikum.

Oppskrifta minna mykje om styringa av Kardemomme by. Bare du er snill og grei og ikkje skadar andre, kan du gjere som du vil.

Dessutan skal administrasjonen i kommunane slankast mykje.

– Det er ikkje bruk for så mange folk når dei ikkje skal finne grunnar til å seie nei, men seie ja til det meste, meinte han.

Han samanlikna lokalsamfunna med måten nybyggjarane i Amerika organiserte seg på. Dei tilsette sheriff, bygde skule og kyrkje. Det er slike hovudsaker det offentlege skal ta seg av. Det fleste andre oppgåver i samfunnet kan private og organisasjonar ta seg av, hevda Hagen.

Spark til venstresida

Dei andre partia fekk også passet sitt påskrive, særleg Ap og SV.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Arbeidarpartiet er kjøpt og betalt av LO. Modernisering av samfunnet, særleg offentleg sektor, blir hindra av at ei reaksjonær fagrørsle som har gjeve store pengegåver i bytte for fordelar dei vil behalde, hevda Hagen.

– SV er grunnen til at det ikkje blir bygd gassrørleidning til Grenland. I staden for å byggje gasskraftverk sjølve sel Noreg gassen til utlandet og kjøper tilbake elektrisk kraft produsert både på gass og kol. Det er meiningslaust, hevda han og ville at Noreg skulle leve etter dei same miljøreglane som gjeld elles i Europa, ikkje lage sine eigne strengare reglar.

– Står mellom Ap og H

Framstegspartiet står i dag der Arbeidarpartiet stod i 1920-åra, hevda Hagen og tenkte på oppslutnad og organisering. Politisk vil han plassere partiet mellom Høgre og Ap.

– FrP står for det beste i desse partia. Solidariteten og viljen til å ta seg av dei svake i samfunnet har me tatt frå Ap, medan me ikkje vil ha byråkratiet og formyndarstaten dei står for. Høgre er for konkurranse og effektive løysingar, slik som FrP. Men dei har aldri brydd seg om dei som fell utanfor i samfunnet. Det gjer me, agiterte partformann Hagen og meinte FrP kom til å bli dette århundres parti.

Mot buplikt og konsesjonslov

FrP vil ikkje ha buplikt på gardane og konsesjonslova skal opphevast om FrP kjem til makt. Hagen hadde eit døme på kor lykkeleg bygdesamfunnet blei om FrP si oppskrift blei fylgd. Det enkle ukompliserte samfunnet ville ordne seg slik:

Bonden vil selje garden sin for å starte blomsterbutikk i sentrum av kommunen. Han får to millionar kroner av rikingen i byen som skal bruke garden til fritidsbustad. Naboen til bonden får bruke jorda gratis til sauebeite fordi rikingen sjølvsagt er interessert i å halde graset nede. Alle er lykkelege; bonden, rikingen og naboen.

Med dagens regelverk ville naboen bare ha betalt 400.000 kroner for garden som tilleggsjord. Det er for lite til å starte blomsterbutikk og bonden måtte behalde garden og rikingen fekk ikkje feriestad. Alle er ulykkelege; bonden, rikingen og naboen.

Det Hagen ikkje hadde døme på er korleis det blei om også naboen ville selje garden sin, og det ikkje fanst att sauer til å halde graset nede.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye vegskilt frå fyresdalsordføraren

Partiformannen fekk ikkje oppleve den mykje omtalte vegstandaren i Vest-Telemark. Han kom med helikopter for å rekkje over dei fleste av dei 330 kommunane FrP stiller liste i.

Ordførar Saamund Gjersund i Fyresdal let likevel ikkje høvet gå frå seg til å minne sentrale politikarar om vegstandaren. Han hadde laga to nye trafikkskilt. Båe er fareskilt, det eine har ein vassrett strek, det andre ein loddrett strek i den raude trekanten. Skilta betyr fare for flat veg og fare for rett veg. Svært mange av dei blir det ikkje bruk for i Telemark, men dei kan vera viktige nok om eit så uventa trafikkbilde skulle dukke opp.

Hagen lova å ta med dei nye skilta og syne dei til samferdsleministeren. Kanskje det er humor som skal til for å få betre vegstandar? Det meste anna er i alle fall prøvd, utan særlege resultat.