Vatnar ut hallelujastemning for samarbeid
Fyresdalordførar Saamund Gjersund meiner det er på tide å helle vatn i blodet på dei som ropar halleluja for samarbeid mellom kommunanr. Kommunane fokuserer på små ting å samarbeide om. Det blir eit musepiss i havet. Det er betre å tenkje nytt i eigen kommune enn å ha samarbeidsløysingar som blir noko pjatt som ikkje betyr noko som helst. Når ein skal gjere grep for å sikre tilbodet til innbyggjarane er ikkje svaret eit utstrakt samarbeid med nabokommunar, meiner Gjersund.
Saamund Gjersund undrar på kva ein eigentleg oppnår med samarbeid mellom kommunar. Han vil ikkje hive seg med i det han ser på som hallelujastemning for samarbeid. Men sjølvsagt registrerer han at det kan vere vellykka på somme område.
Samarbeid innan barnevern er bra. Men ikkje å slå saman tenester og leggje dei til eitt kontor for fleire kommunar. Det blir fokusert på små enkelte ting å samarbeide om, som i den store samanheng betyr veldig lite. Det blir som eit musepiss i havet, seier Gjersund.
Artikkelen held fram under annonsen.
Pjatt som ikkje betyr noko
Han vil ikkje uttale seg om kva han meiner om nabokommunars forsøk på samarbeidsløysingar. Men han kjøper ikkje argumentet om at ein står sterkare fagleg sett ved samarbeid og å ha felles kontor. Han meiner utfordringa er det motsette. I staden for felles kontor mellom kommunar må ein tenkje nytt i eigen kommune og til dømes sjå landbruk og næring samla, eller trekkje skule og kultur saman.
Slike løysingar kan bli ein styrke for ein småkommune. Dette er betre enn å ha samarbeidsløysingar som blir noko pjatt som ikkje betyr noko som helst. Dessutan blir det eit avstandsproblem ved samarbeid. Kommunalt tilsette kan kome til å køyre bil halve dagen for å få kontakt med innbyggjarane. I tillegg vil samarbeidsløysingar svekke lojalitetskjensla overfor kommunale vedtak. Det er betre å ha det smått og oversikteleg i ein kommune. Då er alle interessert i å dra lasset saman, seier Gjersund.
Utgangspunktet til ordføraren er at Fyresdal er liv laga, og då må ein gjere grep for å sikre tilbod til innbyggjarane.
Ribba tilbake
Då er ikkje svaret på utfordringane eit utstrakt samarbeid med nabokommunar. Slikt samarbeid vil Fyresdal same kva kome tapande ut av. Eg vil påstå at eventuelle samarbeidskommunar med Fyresdal ikkje vil sjå det som aktuelt å leggje nokon kommunale tenester hit. Dermed står kommunen ribba tilbake, seier ordføraren.
Han ser heller ikkje at Fyresdal får gevinst ved å slå seg saman med andre kommunar. Han meiner ein etter samanslåing må ha like mange kommunalt tilsette som i dag for å ta seg av tenester innafor helse, pleie og omsorg, skule og barnehage.
For verkeleg å spare pengar i ein kommune meiner ordføraren ein må kvitte seg med kommunalt tilsette.
Då er samanslåing ein logisk konsekvens. Men staten bør vere klar over at ein ikkje får same kommunale tenesta for ein billegare penge. Det er å fornærme kommunalt tilsette å tru ein får same tenesta med mindre ressursar og færre folk, meiner Gjersund.
Blir kommuneøkonomien heilt elendig er ikkje samarbeid interessant for Fyresdal. Då får me heller ta steget fullt ut og slå oss saman med andre kommunar. I framtida er Fyresdal best tent med å ordne eigne tenester. Det er ikkje opp til oss å bestemme om me får økonomi til å gjere dette, avsluttar Gjersund.