Frå ni til fem valkrinsar
For 15 år sidan var det ni røystekrinsar i Tokke kommune. I dag er det fem.
Klokka elleve opna dørene til vallokala. I Tokke var det også høve til å røyste sundag i Høydalsmo og på Dalen. Regnvêret såg ikkje ut til å hindre folk i møte fram.
– Det har vore greitt frammøte så langt, var meldingane frå dei fem valkrinsane i Tokke.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå Dalen blei det meldt om nærare 300 røyster sundag. Også i Høydalsmo var det bra med deltaking sundag.
– Tidlegare Eidsborg krins røystar i Høydalsmo og på Dalen no. Det vil seie dei som bur i Gøytil røystar på Dalen, medan dei som bur i sjølve Eidsborg røystar her, seier Tor Olav Brattekås i røystestyret i Høydalsmo krins.
Om ein ser tilbake til år 2000 var det ni røystekrinsar i Tokke. No er det fem. Borte er Eidsborg, Mo, Austheii og Kyrkjebø. Det betyr noko større pågang i dei eksisterande krinsane.
– Me har hatt stor pågang frå me opna, seier leiar i røystestyret på Åmdals Verk, Åse Wrålid.