Sogelandet kan verte soge
Sogelandet vert soge dersom Fellesfondet tysdag til veka seier nei til ei løyving på 500.000 kroner. Styreleiar Tarjei Gjelstad stadfestar at det er krise om det vert avslag på søknaden.
Fellesfondet har løyvd 500.000 kroner årleg til Sogelandet i perioden 2005 2009. I år meiner regionrådsleiar Kjell Gunnar Heggenes, som sakshandsamar i fondet, at ein ikkje lenger kan prioritere midlar til Sogelandet for 2010.
Heggenes grunngjev innstillinga si mellom anna med at Sogelandet ikkje har oppnådd målsettinga om nasjonal knutepunktstatus. Ein slik status ville gjeve årlege løyvingar frå staten. Vidare opnar ikkje reglane i Telemark fylkeskommune for tilskot til drift. Det same gjeld eventuell støtte frå Norsk Kulturråd.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sogelandet blei stifta i 2008 som eit samvirke med 18 luteigarar. Dei fleste luteigarane er dei einskilde sogestadane i Vest-Telemark, Tinn og Hjartdal. Før denne stiftinga hadde Sogelandet hatt ein triårig prosjektperiode frå 2005.
Tarjei Gjelstad er styreleiar i Sogelandet. Han fortel at føremålet er å vere ein pådrivar for kulturell og økonomisk verdiskaping gjennom formidling av det lokale sogematerialet i Øvre Telemark. Sogelandet står for koordinering og profilering av arrangement som på ulikt vis har eit sogeaspekt ved seg. Samstundes vert det arbeidd med å utvikle nye sogestadar og nye måtar å formidle dei rike sogetradisjonane i regionen.
Krise utan løyving
Styreleiaren var i Tyskland i går då VTB fortalde han om den negative tilrådinga for søknaden om midlar frå Fellesfondet.
Dette kjem brått på. Eg kan vanskeleg sjå at Sogelandet kan klare seg utan å ha på plass dei 500.000 kronene me har søkt Fellesfondet løyve for 2010. Dersom det vert nei på fondsmøtet i Morgedal til veka, er det krise, fastslår Tarjei Gjelstad.
Vil dei seie at utan nye pengar frå Fellesfondet, så er Sogelandet soge?
Ja, Sogelandet slik me kjenner det i dag, er då historie. Me hadde sett av litt pengar som er nytta til ein start på marknadsføringa av nokre av årets arrangement. Det kalla me «Ein smakebit av Sogelandet». Men no er kassa tom, fortel styreleiar Gjelstad.
Kulturelt attendeslag
Museumsdirektør Dag Rorgemoen ved Vest-Telemark Museum (VTM) seier i ein kommentar at ei nedlegging av Sogelandet vil vere eit kulturelt attendeslag for Vest-Telemark. Han beklagar om medlemmane i Fellesfondet vel å fylgje tilrådinga og dermed snu ryggen til det regionale kulturlyftet.
Sogelandet er ein pådrivar for å utvikle kulturarrangement av ulike slag, og har prøvd å få til ei langsiktig tenking. Det siste har heile tida vore ei utfordring å få til grunna manglande langsiktig finansiering, seier Rorgemoen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Museumsdirektøren nemner elles at arrangement som Rallardagen på Åmdals Verk og Olsokspelet i Fyresdal er mellom dei arrangementa VTM vil syte for går vidare uansett om Sogelandet døyr.