Jakta er i gang
Årets gaupejakt starta i går. Knut Gaastjønn var for alvor med på gaupejakta i fjor. Då skaut han to eksemplar av kattedyret.
Det er gjeve ei kvote på fire gauper i regionen Kviteseid, Tokke og Vinje. Jakta starta i går, 1. februar og varer ut mars månad. Knut Gaastjønn frå Åmdals Verk er ein erfaren elgjeger, men gaupejakta gjev heilt andre utfordringar meiner han.
Så no har du førebudd deg til gaupejakta?
Artikkelen held fram under annonsen.
Geværet er sjekka og det fungerer som det skal, smiler Gaastjønn.
Mykje spor
Er det nokon spesiell måte å førebu seg på?
Me er fleire som har sett etter gaupespor i område der me veit ho ferdast. Det har me gjort sidan desember, og det ser ut til å vere mykje aktivitet i dei aktuelle områda, seier Gaastjønn.
Korleis går gaupejakta føre seg?
Me brukar bikkjer i jakta om det let seg gjere. Det fyrste me gjer er å prøve å ringe inn gaupa, og det kan ta tid. Å jakte gaupe er ei veldig utfordrande form for jakt, og ein må vere både tålmodig og uthalden. Gaupa er uhyre smart og ganske så arrogant, smiler Knut.
Kva meiner du med det?
Stort sett har gaupa full kontroll på oss jegerar. Ho er i grunn som kongen på haugen. Det som kan felle ho er at ho blir for sjølvsikker, eller blir for oppteken av bikkjene som er med på jakta, forklarer Gaastjønn.
Må vere tålmodig
I fjor blei han ståande på post i omlag fire timar før den fyrste gaupa fall. Det var ei kald oppleving.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var kaldt, og ein må vere heilt stille. Ikkje kan ein ete eller drikke, og det bør ikkje vere så mykje som ein fjert i friluft. Det kan skremme gaupa som har svært god hørsel og god luktesans, seier Knut.
Så du har ikkje armholene fulle av Axe deodorant når du dreg på gaupejakt, sjølv ikkje Axe Lynx?
He-he, nei parfyme bør ein halde seg langt unna om ein skal jakte. Og sjølv om lynx lynx er det vitskapelege namnet på gaupa, er det ikkje lurt å bruke nokon slags deodorant, ler Gaastjønn.
Trugar seg fram
Går de på ski eller brukar de trugar på jakta?
Stort sett brukar me trugar, men gaupa ferdast i eit veldig ulendt terreng, og då hender det ofte at me rett og slett må vasse i laussnøen, forklarer Knut.
Og no er det nok av sporsnø?
Det kan du trygt seie, og det var bra med det siste snøfallet. Det viska nemleg bort gamle spor. Ein bakdel er mengda laussno som gjer det vanskeleg for bikkjene å ferdast. Gaupa klarer seg veldig bra på slikt føre med dei store potene som ho breier skikkeleg ut for å flyte best mogleg, seier han.
Imponerande dyr
Gaastjønn meiner gaupa er svært fascinerande og han meiner det absolutt bør vere plass til gaupa i den norske faunaen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utan tvil bør me ha gaupe, men eg har stor forståing for dei som misser mange husdyr på grunn av ho. Derfor bør det vere regulerte mengder av rovdyret, meiner han om kattedyret som er rask i starten, men slit med kondisen som ein del av oss menneske ...
Det hadde ikkje blitt skote gaupe då VTB gjekk i trykken, og kanskje var det gaupa som hadde det best på den fyrste jaktdagen med 25 minus på gradestokken.