Frå nyttår kjem det strenge krav til køyreopplæring for snøskuter. Difor er det trong for  eit 1.500 dekar stort område med variert terreng. Øvingsområde skal vere for seks fylke, og Vest-Telemarkrådet tilrådde tysdag at det bli lagt til Vinje.
Frå nyttår kjem det strenge krav til køyreopplæring for snøskuter. Difor er det trong for eit 1.500 dekar stort område med variert terreng. Øvingsområde skal vere for seks fylke, og Vest-Telemarkrådet tilrådde tysdag at det bli lagt til Vinje.

Kan bli senter for snøskuteropplæring

Eit øvingsområde på 1.500 dekar for opplæring på snøskuter, kan bli etablert i Vinje. Frå nyttår er det krav om opplæring for dei som skal køyre snøskuter. Førarkortklasse S blir innført. I opplæringa blir det mellom anna krav om totalt åtte timar praktisk køyring i variert terreng. Dei som alt har rett til å køyre snøskuter, vil framleis ha det. Fylkesmennene i Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Vestfold meiner at Vest-Telemark er best eigna til køyreopplæring på snøskuter. Vest-Telemarkrådet drøfta saka tysdag og tilrår at øvingsområde for halve Sør-Noreg blir lagt til ein høveleg stad i Vinje kommune.

Det er fylkesmannen som har oppmoda Vest-Telemarkrådet om ei tilråding for kvar eit slikt øvingsområde bør bli lokalisert. Telemark utgjer saman med Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Buskerud og Vestfold ein region med omsyn til opplæring i køyring med snøskuter.

Fylkesmennene har drøfta spørsmålet om lokalisering, og kome fram til at Vest-Telemark er mest eigna for eit slikt øvingsområde i høve til mellom anna konsentrasjon av snøskuterar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vest-Telemarkrådet handsama saka tysdag på møtet i Morgedal. Både Fyresdal, Tokke og Vinje sa seg interesserte i å få det nye øvingsområdet.

Fyresdal trekte sitt kandidatur då ein fann ut at det har minka med snø dei siste åra. Tokke har, i fylgje ordførar Olav S. Urbø, eit veleigna området på Åmdals Verk.

– Eg meiner det er naturleg å leggje eit slikt øvingsområde til Vinje, sa varaordførar Aslak Ofte.

Han peikte på at Vinje kommune har store areal der det er nok snø i lange periodar, og at kommunen har røynsle med å styre trafikken med snøskuterar.

Ordførar John Kleivstaul i Seljord meinte at Vinje kommune er best eigna for lokalisering av snøskuteropplæring. Ordførarane Torstein Tveito og Øyvind Tveit i høvesvis Kviteseid og Nissedal, støtta synspunkta til Seljord-ordføraren.

Etter fleire utsettingar har Statens vegvesen fastsett at frå 1. januar 2006 blir det innført obligatorisk føraropplæring for snøskuter og krav om førarkort i klasse S for førarar av snøskuterar. Dei som har rett til å køyre snøskuter per 1. januar 2006, vil framleis ha denne retten.