Gunstein Seltveit, leiar ved Kyrkjebø oppvekstsenter, trur ikkje alt håp er ute for senteret etter å ha fått med seg debatten i Tokke formannskap.
Gunstein Seltveit, leiar ved Kyrkjebø oppvekstsenter, trur ikkje alt håp er ute for senteret etter å ha fått med seg debatten i Tokke formannskap.

Oppvekstsenter på vippen

Det brenn eit blått lys for Kyrkjebø oppvekstsenter i Tokke kommune. Fleirtalet i formannskapet meiner elevtalet blir så lågt neste haust at skulen må leggjast ned. Då er det også farvel til barnehagen som er i senteret. Men somme av politikarane er i tvil om det er rett å gå så langt i denne heite saka. Dermed held spenninga seg til kommunestyret gjer endeleg vedtak. Lågt tal på brukarar gjer at Lårdal barnehage blir lagt ned. På same tid gjer kommunen den største investeringa nokon gong neste år, ved å løyve 35 millionar kroner for å gjere samfunnshuset om til sambrukshus.

– Dette er det tøffaste budsjettet eg har vore med på nokosinne, seier mangeårig Tokke-ordførar Birger Nygård (Sp), etter at formannskapet denne veka blei ferdig med budsjettarbeidet for 2004.

Det er ikkje lenger tvil om at dei økonomiske nedgangstidene i kommunane også byrjar å gjelde Tokke. Men budsjettframlegget har også fleire positive sider. Ordninga med billig straum i kommunen held fram. Dessutan blir tanken om å slå saman stillingane som jordbrukssjef og skogbrukssjef skrinlagt. Pleie- og omsorgstenestene får ein auke tilsvarande ei stilling. Vidare har det lege i korta ei stund å byggje om Tokke samfunnshus til sambrukshus der det mellom anna skal bli nytt bibliotek. Formannskapet er samde om å setje av 35 millionar kroner til prosjektet, som dermed kan få byggjestart til sommaren. Men fyrst må politikarane velje mellom dei ulike utkasta som ligg føre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette blir den største investeringa i kommunen si historie. Men me låner heile beløpet. Det finst ikkje att pengar i kista til slikt, seier Nygård.

For låge barnetal

Elles løyver kommunen 920.000 kroner til flaumsikring ved Tokkeåi i Dalen sentrum neste år. Ordføraren meiner arbeidet er nødvendig. Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen (NVE) skyt inn resten av totalkostnaden på nær fem millionar kroner.

Nedskjeringane i kommunen blir meir synlege enn vanleg. Dei tilsette får sitt ved at velferdstiltaka i kommunen blir skore med 90.000 kroner. Dessutan kuttar kommunen heile fritidsforsikringa for dei, ei innsparing som utgjer 85.000 kroner.

Kyrkjebø oppvekstsenter blei vedteke mellombels lagt ned av eit fleirtal i formannskapet. Bare Astri Fladberg (Frp) og Olav Urbø (Sp) gjekk for oppretthalding.

– Dette er ei nokså heit sak. I grenda blir det jobba på spreng for å få nye innbyggjarar slik at oppvekstsenteret blir berga. Men eg reknar med at løpet er køyrt, seier Nygård.

Skulen på oppvekstsenteret får sju elevar frå neste haust, og bare seks året etter. Lårdal barnehage har endå lågare tal. Bare fem barn ser ut til å nytte tilbodet neste haust. Det gjer at formannskapet tilrår å leggje ned barnehagen. Vidare er det framlegg om å slå saman barnehagane i Austheii og på Åmdals Verk. Kommunen sparar elles 500.000 kroner på å fjerne tilskot til nybygg, vøling og kjøp av bustader.

– Budsjettet er mykje strammare enn før. Men me får ikkje kvileår i 2004. Me må stadig bli meir effektive på alle hald, avsluttar ordførar Nygård.

Gjev ikkje opp

Gunstein Seltveit, leiar ved Kyrkjebø oppvekstsenter, trur ikkje alt håp er ute for tilbodet i grenda. Han høyrde debatten i formannskapet og beit seg merke i at to medlemmer var i tvil då dei røysta for nedlegging. Grendelaget i Skafså har starta ein aksjon for å få tak i nye innbyggjarar som kan høgde elevtalet og redde oppvekstsenteret. Det blir lokka med ledige gardsbruk, hus og tomter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men me har dårleg tid med å skaffe fleire innbyggjarar, innser Seltveit. Derfor ynskjer han at saka om oppvekstsenteret blir utsett eitt år for å sjå om folketalet kan auke.

Samarbeidsutvalet ved Kyrkjebø oppvekstsenter stiller spørsmål om det blir noko særleg innsparing ved å leggje ned tilbodet, som totalt vil ha 14 brukarar og fem tilsette neste haust.

– Samarbeidsutvalet meiner det i denne saka ikkje er teke omsyn til krav i forvaltingslova om dei pedagogiske, sosiale og samfunnsmessige sidene i saka. Det blir i staden mykje snakk om økonomi, seier Seltveit, som sit i utvalet.

Arbeidsplassen hans blir flytta til Dalen om senteret blir lagt ned. Barnehagepersonell ved senteret må sjå seg om etter anna arbeid.

– Blir sinna

Janne Juvet, leiar i foreldrerådet i Lårdal barnehage, blei tatt på senga då VTB opplyste henne om framlegget til formannskapet.

– Dette visste eg ikkje. Eg blir bare så sinna. Det er ein evig kamp og eg føler dei vil leggje ned alt i Lårdal. Så fort barnetalet er under seks vil dei leggje ned tilbodet. Dei bør gje oss ein sjanse på to år. Nei, nå får eg samle foreldra til møte for å sjå om me har sjanse til å gjere noko før kommunestyret skal gjere vedtak, seier Juvet.