Felland ny ordførar i Tokke
Jarand Felland og Senterpartiet jublar for eit kjempeval i Tokke.
Med reint fleirtal i kommunestyret kan Senterpartiet juble for eit særs godt val. Dermed blir det fire år med ordførarklubba for Jarand Felland og Senterpartiet.
Med elleve kommunestyremedlemer mot Arbeidarpartiets ni og Krfs eine, betyr dette at Sp har fleirtal åleine. Resultatet betyr fem nye mandat til Sp, medan Ap misser eit mandat. KrF blir som i dag med sitt eine. Sidan både Høgre og Frp ikkje stiller lister ved årets lokalval, ser det ut til at dei fire mandata alle har gått til Senterpartiet i tillegg til Ap sitt eine.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette betyr at Sp får 11 medlemer i kommunestyret, Ap får ni, medan KrF får eitt medlem. Det er registrert 32 blanke røystesetlar.
– Eg vedgår at eg er skuffa, men me gjorde så godt me kunne. Det er berre å gratulere Senterpartiet med eit godt val, seier avtroppande Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap).
På Dalen Hotel stod jubelen i taket då valresultatet blei klart. Ordførarkandidat Jarand Felland var overraska over det svært gode resultatet.
– Me har gjort ein god valkamp, og vore tydelege. Likevel er overraska over at det blei så stor framgang. Me takkar veljarane for tilliten, og er audmjuke for den tilliten dei har vist oss. Me lovar å arbeide hardt for at heile Tokke kommune skal bli ein endå betre kommune å bu og jobbe i, smiler Jarand Felland, den nye ordføraren i Tokke.