Arkivfoto frå Stykkeviki i Fyresdal.
Arkivfoto frå Stykkeviki i Fyresdal.

Til sjukehus etter fallskjerm-ulykke

Ein fallskjermhoppar blei måndag ettermiddag flogen med luftambulanse til Ullevål sjukehus etter eit uhell i samband med landing ved Stykkeviki i Fyresdal. Skadeomfanget er førebels ikkje kjent. Ifølge to andre fallskjermhopparar var det ein del vind på staden, melder politiet på twitter.