Friteke for eigedomsskatt
Eit samrøystes Nissedal kommunestyre har gjeve Z-museum i Treungen fritak for eigedomsskatt ut takstperioden. Om drifta av museet blir endra og eigedomen skulle bli nytta til andre føremål, heilt eller delvis, vil det bli gjort ny vurdering av fritaket.
Z-museum er å sjå som eit gode for publikum lokalt og regionalt. Derfor har rådmannen vurdert det slik at museet oppfyller krava i paragraf 7a i eigedomsskattelova om at tilbodet gagnar ein kommune eller fylke. Då kan ein gje fritak for skatten.
Artikkelen held fram under annonsen.