Felle IL er skipa
– Me startar Felle idrettslag for å auke aktiviteten i grenda. Laget er ikkje minst mynta på born og ungdom. Dei er det mange av her, men til no har fritidstilbodet vore så alt for lite.
Dette seier Ole Petter Løite (27) som er opphavsmannen til ny-laget.
Artikkelen held fram under annonsen.
– No er det berre medlemmer me treng, og ein håpar at grendefolket vil sjå positivt på eit idrettslag, sjølv om det bur berre 120–130 på Felle.