5,6 elevar i Vinje-skulane må dele ei datamaskin. Her er skulen representert ved 5. klasse i Rauland.
5,6 elevar i Vinje-skulane må dele ei datamaskin. Her er skulen representert ved 5. klasse i Rauland.

Prioriterer løn framfor data i skulen

«Fattigkommunen» Sauherad har fleire datamaskiner i skulen enn Vinje.

Grunnskulen i Vinje er større og dyrare enn kommunar det er naturleg å samanlikne seg med. Trass i at kommunen brukar meir på skulemateriell enn mange andre, har Vinje relativt få elevdatamaskiner.

Dette kjem fram i ein forvaltningsrapport som er laga av Telemark kommunerevisjon. Rapporten baserer seg på KOSTRA-tal innanfor sektorane barnehage, grunnskule, pleie- og omsorg, kommunehelseteneste og administrasjon. Vinje kommune er i gruppe med 34 liknande kommunar; små kommunar med middels bundne kostnader per innbyggjar og høge frie disponible inntekter. Rapporten samanliknar også Vinje med Sauherad, ein kommune med same utgiftsprofil som Vinje, men med låge inntekter.

Artikkelen held fram under annonsen.

5,8 elev per data

Vinje har i alt fem skular med gjennomsnittleg 108 elevar på kvar skule. KOSTRA-tala viser at kommunen har høgare utgifter enn samanlikningskommunane. Kommunen bruker mest til lærarløner, skulemateriell, skulelokale og skyssutgifter.

I Vinje må 5,8 elevar dele på ei datamaskin. Til samanlikning delar 4,6 elevar ei datamaskin i Sauherad, som i rapporten blir omtala som «fattigkommunen». Også i dei andre samanlikningskommunane er det færre elevar som delar datamaskin enn i Vinje.

Kommunalsjef Rune Lødøen seier dette er prioriteringar skulane sjølve gjer, og at einingane har valt å bruke meir til lærarane enn til utstyr.

– Eit lærarårsverk kostar meir i Vinje. Dei lokale prioriteringane er overlatne til skulane, det er dei som ser kvar skoen trykkjer, seier Lødøen.

Triveleg å vera lærar i Vinje

Ordførar Arne Vinje registrerer at andre kommunar har fleire datamaskiner per elev, men seier at politikarane ikkje har fått signal om at det er prekære behov for fleire datamaskiner.

– Det er viktig at me er gode på område med formidling av datakunnskap. Det er viktig i ein utkantkommune å syte for at elevane har eit grunnlag for å bli gode på data, slik at ein kan etablere arbeidsplassar uavhengig av kvar ein er, seier ordførar Arne Vinje.

– Me har relativt høg snittalder på lærarane, noko som gjev høg ansiennitet og dermed høgare løn. Men eg vel å sjå på det som positivt at lærarane blir lenge i jobben i kommunen. Det er eit teikn på at det er triveleg å vera lærar i Vinje, held han fram.

Kommunane det er naturleg å samanlikne seg med har mindre driftsutgifter per elev trass i at dei har færre elevar enn i Vinje. I revisjonsrapporten blir det peika på at skuleskyss er ein stor kostnad i Vinje. Det same er skulelokale, noko som også gjenspeglar seg i det nyleg vedtekne budsjettet i kommunen, der dei har sett av midlar til millionutbyggingar på skulane, mellom anna i Åmot.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått tydlege signal på skulelokalitetane, og satsar ambisiøst på dette i budsjettet, seier Vinje.

Satsa på data

Hans Olav Sauar er kommunalsjef i Sauherad. Han seier kommunen har satsa på data siste året. Ein million kroner er sett av til data, ein pott dei ulike einingane kan søke på.

– Alle lærarane har berbare PCar. Dei nyutdanna lærarane har med seg datakunnskap inn i jobben, men for eldre lærarar kan data vere litt skummelt. Det er viktig at dei sjølve brukar data dagleg når dei skal vera så gode at dei kan hjelpe elevane, seier Sauar.

Kommunen har 4,6 datamaskiner per elev. Det er kring 600 elevar på dei fire skulane i Sauherad. Kommunen er fattig og har skori ned og effektivisert mykje dei siste åra.

– Me har enda eit godt tilbod til brukarane. Det siste me kuttar er det direkte tilbodet til brukarane, seier Sauar, som understrekar at det er for lite ressursar til skule.

Han grunngjev datasatsinga mellom anna med at elevane må vera vant med data sidan det er obligatorisk på eksamen i 10. klassa, og var også eit krav på dei nasjonale prøvene.

Best på barnehage

Vinje kommune prioriterer barnehage høgt. Det er i alt fem barnehagar i kommunen, med Rauland som den største med 72 plassar. Kommunen brukarar fire gonger meir per barn på barnehage enn snittet i landet, og dobbelt så mykje som kommunane det er naturleg å samanlikne seg med. Utgiftene per innbyggjar 1-5 år ligg på 44.798 kroner i Vinje, medan dei ligg på 22.251 i samanlikningskommunane. Vinje har også høgast dekningsgrad av samanlikningskommunane.

– Vinje har ei meir kostbar, men også meir fleksibel og velutbygd barnehageordning enn samanlikningskommunane, konkluderer revisor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinje brukar også meir ressursar på pleie- og omsorg enn nokon av samanlikningskommunane. Kommunen har institusjonsplassar til vel 30 prosent av befolkninga over 80 år, noko som er godt over målet statlege styresmakter har sett.

Også kommunehelse er høgt prioritert. Men tri legekontor kostar. 8 prosent av driftsutgiftene går til kommunehelse, det vil seie til legekontor, jordmor, helsesyster og fysioterapi. Størstedelen av utgiftene går til legekontor og fysioterapi. I kommunane Vinje blir samanlikna med går 5,8 prosent av driftsutgiftene til kommunehelse.

Vinje kommune brukar meir enn dobbelt så mykje på administrasjon per innbyggjar som snittet i landet, men samanlikna med kommunane det er naturleg å samanlikne er ikkje skilnaden så stor. 13,6 prosent av driftsutgiftene går til administrasjon, og per innbyggjar utgjer dette 6.148 kroner.

– Små kommunar har alltid høgare administrasjonskostnader per innbyggjar enn store. Det er mellom anna fordi det er færre innbyggjarar å fordele dei faste kostnadene på, skriv revisor i rapporten.