Ein person er pågripen i hasj-saka
Politiet har pågripe ein mann dei knyter til hasjplantasjen i Vrådal.
Mannen sit no varetektsfengsla, stadfestar lensmann Bjørn Håvard Olsen i Kviteseid.
Olsen vil ikkje seie noko meir om mannen dei har pågripe, men at dei meiner dei kan knytte han til produksjonen av cannabis i bygget i Vrådal. Han seier pågripinga er eit eksempel på at det går framover i saka, og er eit resultat av teknisk og taktisk etterforsking, samt tips frå publikum.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I bygget var det ein cannabisplantasje av betydeleg storleik. Me meiner at aktiviteten har gått føre seg over lang tid. Kanskje eitt år, kanskje to, uttala Olsen til VTB.
Han karakteriserte funnet som «ein plantasje». Kripos blei raskt kopla inn i saka.