Skjermbildet frå saksdokumenta viser at det er lite att av Nuvvassbui. Grunneigaren ynskjer å byggje opp at bui.
Skjermbildet frå saksdokumenta viser at det er lite att av Nuvvassbui. Grunneigaren ynskjer å byggje opp at bui.

Kommunalt ja til ny bu til fjells

Villreinnemnda og Nissedal formannskap seier ja til at Nuvvassbui i Våmur-Roan villreinområde kan byggast opp att. På førehand frårådde Fylkesmannen eit slikt vedtak.

Nissedal formannskap gjev dispensasjon for bygging av ei ny bu for overnatting på staden der den nedramla Nuvvassbui står. Bua kan vere på inntil 30 kvadratmeter og mønehøgde inntil fire meter. Bua får i matrikkelen byggkode 529, anna bygning for overnatting, og blir eige skatteobjekt for kommunal eigedomsskatt.

Svein Arild Fjone Nielsen i Skien ynskjer å byggje opp att bui som det nå berre er restar att av. Utmarksteigen hans der Nuvvassbui ligg er på 220 dekar med vestgrense mot Fyresdal. Heile teigen ligg i landbruk-, natur- og friluftsområde (LNF) og i villreinområdet for Våmur-Roan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ha vedtaket

Fylkesmannen seier dette om søknaden til Nielsen: «Bygningen er nesten borte, tiltaket er derfor å sjå på som eit heilt nytt tiltak. I LNF-område er det sterke restriksjonar på tiltak, det er bare tillat med tiltak som har direkte tilknyting til stadbunden næring. Oppføring av ny utleigehytte eller annan bygning til overnatting er slik vi ser det ikkje knytt til landbruksdrift. Vi meiner omsyna bak føresegnene det vert dispensert frå (LNF) og lovens formålsføresegn blir sett til side. Vi vil også peike på at dispensasjon i denne saka kan ha konsekvensar for liknande saker. Fylkesmannen frårår at det blir gjeve dispensasjon. Vi minner om at det ikkje bør gjevast dispensasjon når involverte statleg eller regional myndigheit har rådd frå eit slikt vedtak. Vi ber om å få tilsendt vedtaket. Med helsing miljøverndirektør Hans Bakke og seniorkonsulent Mona Løberg.»

Rekreasjonsopplevingar

Sakshandsamar og plansjef i Nissedal, Sveinung Seljås, konstaterer at ut frå bilde minner det som er att av Nuvvassbui mest som ei høybu, men sidan det også har vore eldstad der må bruken i alle fall i periodar ha vore ein annan. Nuvvassbui har vore eit bygg for overnatting, og er framleis registrert med bygningsnummer og byggkode i matrikkelen. Seljås opplyser at søkjars bygg vil dele kodestatus støylsbu/skogskoie med sju andre bygg i villreinområdet.

«Sjølv om Fylkesmannen legg til grunn at tiltaket er å sjå på som nytt, må ein kunne vektlegge denne historiske bakgrunnen. Kommunen har ved å gje kommuneplanføresegner om opptattbygging rundt gamle støylsmiljø, signalisert positivitet til at denne delen av historia blir teken vare på. Ei oppattbygging av

Nuvvassbui vil kunne ha ei tilsvarande grunngjeving. Ei ny bu til overnattingar i samband med jakt/fiske og anna friluftsliv vil i tillegg gje søkar/søkars familie/venner positive rekreasjonsopplevingar. Samla må difor fordelane ved å gje dispensasjon vere større enn ulempene», meiner Seljås.

38 bygg

Elles opplyser plansjefen mellom anna dette i saksutgreiinga: «Omsynssona for villrein utgjer 131 kvadratkilometer eller om lag 14 prosent av kommunens totalareal. Innom dette arealet er det i matrikkelen registert 38 bygg, inkludert 10 uthus og 3 båthus. I all hovudsak er dette eldre bygg knytt til fôrsanking/støylsdrift eller skogsdrift. Dei fleste av desse har fått ei standardheving frå opphavleg funksjon, for nokre også kombinert med tilbygg. 8 av desse står likevel framleis, etter ein full kodegjennomgang i 2016, med byggkode 171 (støylsbu) eller 172 (skogshusvære), det vil seie dei er i ikkje-bruk eller berre i bruk ved nødvendig ettersyn/vedlikehald. Dei andre 17 bygga har i dag funksjon som utleigehytter (13) eller reine fritidsbustader (4).»