Liten interesse for hytter på Skafsåheii
– Me har fantastisk natur, flotte skiløyper og eit strålande terreng både sommar og vinter. Kva er det som manglar sidan omsetninga av hyttetomter er så liten, undra Tim Kronborg i Feltspatcompagniet.
Feltspatcompagniet er utbyggjar av Hallbjønnsekken Sør III på Skafsåheii i Tokke. Dei har lagt ned mange millionar i prosjektet. Bak selskapet står forutan Tim Kronborg også Halvor Vinje og Bjørn Pettersen. I 2007 inngjekk dei avtale med Tokke kommune om å byggje ut ovanfor nemnde hyttefelt med meir enn 70 tomter. I dag står 62 tomter att.
– Kva skuldast dette? Er me for dårlege til å marknadsføre oss, kan kommunen gjere noko? Eg kjem med fleire spørsmål enn svar i dag, sa Kronborg då han onsdag orienterte formannskapet i Tokke om status.
Artikkelen held fram under annonsen.
Låg aktivitet
Han trekte parallellar til andre kommunar, og peikte på at Tokke ligg særs langt bak i talet på omsette hytter, både nybygg og gamle.
– Endå så flott det er på Skafsåheii. Me har sett nærare på kven som har hytter her, og då ser me at folk frå Agder, Rogaland saman med telemarkingane utgjer brorparten. Folk frå Grenland føretrekkjer Rauland, medan Vågslid trekkjer stort sett folk frå Vestlandet, forklarte Kronborg.
Han utfordra politikarane til å kome med tankar om årsakene til at utbygginga og omsetninga av hytter går såpass tregt.
– Kanskje meiner kommunen at me ikkje er dei rette til å halde fram i området? Kanskje kommunen sjølv vil halde styringa med vidare utbygging? Om me samanliknar oss med både Rauland og Vågslid manglar me nok motoren på Skafsåheii, sa Kronborg.
– Kva ser du føre deg at kommunen kan bidra med, ville Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp) vite.
– Kanskje eit marknadsråd kan vere aktuelt. Kan hende kan kommunen meir på banen økonomisk. Det aller viktigaste er å gjere det som er best for Tokke kommune. Eg trur me alle ynskjer at området skal bløme, svara Kronborg.
Marknadsføre som Skafsåheii?
Fleire av formannskapsmedlemene meinte at marknadsføringa under namnet Hallbjønnsekken ikkje har vore særleg vellukka. Årsaka til det er at sjølve namnet er ukjent for dei aller fleste. Hadde ein derimot marknadsført området som Skafsåheii hadde det stilt seg annleis, meinte dei.
– Me selde leilegheita vår på Sørlandet og nytta ein kjent meklar. Han hadde ikkje høyrt om Hallbjønnsekken. Det set ting i perspektiv, for Sørlandet burde absolutt ha mange potensielle kjøparar til hytter på Skafsåheii, meinte Vidar R. Vindal (Ap).
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil samle aktørane
– Eg ynskjer å samle aktørane slik at me kan bli samde om ein felles strategi framover. Både Feltspatcompagniet, Hallbjønn Høgfjellsenter og kommunen må ta ein dialog om vegen vidare, også når det gjeld marknadsføring, sa Gunhild Austjord, plan- og næringssjef i Tokke kommune.
– Det er viktig at me alle dreg i same retninga, samtykka Kronborg.
Tidlegare ordførar i Tokke, Hilde Alice Vågslid (Ap), meinte at ein på lang sikt må arbeide for å gjere Suleskarvegen til heilårsveg, medan ein på kort sikt må marknadsføre området betre.