Viktige råd for gardsdrifta
Gratis rådgjeving på fjøsrundar rundt i Vest-Telemark har ført til at fleire byggjeprosjekt har blitt gjennomført. Geitebonde Roy Pettersen i Edland meiner tenesta er med på å halde oppe gardsdrifta fleire plassar i regionen.
Vest-Telemarkrådet har fått ein del midlar for å fullføre handlingsplanen i regionen. Ein del av planen er å ha fjøsrundar til bønder som vurderer ulike tiltak i eige fjøs, tilbygg eller nybygg.
Landbrukskontora i Vest-Telemark samarbeider om å ha ansvaret for at det blir gjennomført fjøsrundar. For tredje året på rad er byggteknisk rådgjevar Kjell Tangen i Norsk Landbruksrådgjeving Østafjells med rundt til aktuelle bønder.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det har skjedd fleire utbyggingar av fjøs etter rundane dei to fyrste åra, seier han.
Moglege løysingar
I fjor var Tangen innom ti bønder i Vest-Telemark, blant andre Roy Pettersen i Edland. Mor hans starta geitehald på garden sin i 1977, og ti år seinare blei det sett opp nytt fjøs ikkje langt unna det gamle. Mora eig framleis garden, medan sonen overtok geitedrifta for rundt sju år sidan. Det er 77 geiter der i dag, og i neste månad er kjea venta.
Tysdag tok Tangen og landbruksrådgjevar Thor Christiansen i Vinje kommune tur nummer to til Pettersen.
Å du veit, eg tenkjer litt treigt, humrar geitehaldaren om at han får nytt besøk.
Det kan vere fornuftig å bruke litt tid, og det er jo snakk om ei investering for framtida, skyt Christiansen inn.
Pettersen treng meir areal til geitene og løysingar som er til det beste for arbeidsplassen hans, mellom anna er det ynske om lettare mjølkeforhold.
Men så er det eit spørsmål om pris, smiler Pettersen.
Han har sete seine kveldar og filosofert på moglege løysingar for framtidas fjøs. På kjøkkenbordet sitt har han lagt fram teikningar og anna informasjon som Tangen og Christiansen denne dagen skal sjå nærare på og kome med råd vidare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Material kan eg få ved å hogge sjølv i eigen skog, seier geitehaldaren.
Nja, det er ikkje så mykje å hente på det, meiner Tangen.
Her er det jo litt snø om vinteren, så du må ha kraftige takstolar på nybygget. Å kle bygget med stålplater utvendig er vel ikkje mogleg her oppe, og eg trur neppe du blir fornøgd sjølv heller, held rådgjevaren fram.
Ein skal ikkje ta heilt av, og ein må ta vare på det gamle, svarar Pettersen.
150 kvadratmeter
Tangen konstaterer at det på garden er ei tomt som ikkje innbyr til så mange sprell.
Du får kontakte Rise og få noko av massen der, smiler Christiansen, og tenkjer på anleggsfirmaet som har oppdrag på E134 ikkje langt unna.
Trioen held fram med å diskutere byggjeløysingar, før Pettersen legg til at han også har behov for å renovere siloen. Så opplyser han at alle geitene skal slaktas til hausten, for å bli kvitt sjukdom.
Då er det veldig lurt å byggje etterpå, seier Christiansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Våren 2014 får Pettersen nye friske kje frå ein bonde som alt har sanert.
Viss eg vil fortsette som bonde , seier Pettersen.
Du skal like jobben neste dag, neste veke, neste 10 år og 20 år, held han fram.
Pettersen ser for seg å auke talet på geiter til 100 om det kjem tilbygg til dagens fjøs og han får større mjølkekvote. Tanken er eit nybygg på 150 kvadratmeter, og med full kjellar under.
Overkomeleg
No bare sit eg og teiknar og har ikkje peiling på kva bygget vil koste. Eg er heilt ut i tyttebærskogen. Det er fagpersonen Tangen som kan få ein ned på jorda og finne prisen, seier Pettersen.
Pluss minus 1,5 millionar kroner, helst pluss, skyt Tangen inn om byggjekostnaden.
Kor mykje støtte kan eg få, undrar geitehaldaren.
30 prosent frå Innovasjon Noreg og så bidreg kommunen med 20 prosent, svarar Christiansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har du i tillegg ein viss eigeninnsats er det ikkje sikkert det blir så galt til slutt, legg han til, og får eit nikk frå Tangen om at investeringa absolutt bør vere overkomeleg.
Pettersen set pris på fjøsrunden der han får snakke med fagfolk.
Då møter ein meir sanninga. Ei slik rådgjeving som dette er viktig for oss bønder. Og her i kommunen har Christiansen fått mykje skryt av bøndene for at han har hjelpt dei, seier Pettersen.
Me er veldig heldige som har ein som Tangen, seier Christiansen.
Rådgjevinga på fjøsrundane er med på å halde oppe gardsdrifta fleire plassar. Bøndene er konservative, men enkelte gonger er det godt med input, held Pettersen fram.
Åtte bønder
Du tek sjansen på at eg teiknar bygg og reknar pris for deg, seier Tangen med eit smil til bonden.
Ja, kjem det raskt tilbake.
Båe rådgjevarane er samde i at det er lurt om Pettersen får laga ein driftsplan. Forslagsskissene på sjølve arbeidet som Tangen skal gjere, kan vere ferdige om ikkje så lenge, kanskje om 14 dagar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men eg har mykje arbeid for tida, seier Tangen, klar til å farte av stad for å møte tre andre bønder i Vinje kommune denne dagen. Vidare plan innan han er ferdig med fjøsrunden dagen etterpå og for denne gongen, er ein prat med tre bønder i Kviteseid og ein eller to dyrehaldarar i Fyresdal.