Vurderer omorganisering av prestane
Tor Eivind Erikstein vender heim frå Groruddalen og er tilsett som sokneprest i Tokke og Vinje. Han skal også leie arbeidet med å vurdere korleis ein best kan utnytte dei tre prestestillingane der.
I august 2016 gjev Per Sørensen seg som sokneprest i Rauland. Vinje-prest Svein Ringhus har alt gått over i ei stilling som seniorprest. I Tokke har det ikkje vore tilsett nokon etter at sokneprest Jarle Bryne slutta.
Prost i Øvre Telemark, Asgeir Sele, meiner tida dermed er inne for å vurdere andre løysingar enn tre sokneprestar som har kvart sitt geografiske område.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me vil sjå på om det skal vera meir spesialisering – at ikkje alle tre årsverka jobbar med akkurat dei same tinga på kvar sin stad. Til dømes om nokon skal jobbe meir med ungdomsarbeid, seier Sele.
Han understrekar at dei ikkje har bestemt noko som helst, og at både sokneråda og dei tilsette vil bli bedne om å seie kva dei trur er den beste løysinga for kyrkja i Tokke og Vinje.
Ny felles sokneprest
Tor Eivind Erikstein, som dei siste åra har vore sokneprest i Ellingsrud og Furuset menighet i Oslo, kjem tilbake til Vest-Telemark for å ta fatt på som sokneprest i Tokke og Vinje 1. januar. Han skal også leie arbeidet med å finne ut kva som er den beste organiseringa av presteressursane i dei to kommunane.
– Ja, no kjem me tilbake. Eg ser fram til det, kommenterer Erikstein.
Prost Asgeir Sele seier opphevinga av buplikta for prestar også spelar inn når dei no opnar for å organisere prestane annleis.
– Arbeidsgjevar har ikkje lenger styring på kvar prestane skal bu, og ein kan dermed forme stillingane ut frå arbeidsoppgåver heller enn geografi. Men ingenting er avgjort enno, seier Sele nok ein gong.
Han seier dei vil bruke den tida dei treng for at alle skal bli høyrd, men at dei ikkje skal trekkje prosessen ut lenger enn naudsynt.
Stillingstittelen som sokneprest for Tokke og Vinje er ny. Per Sørensen held fram som sokneprest i Rauland fram til han går av med pensjon neste år.