Den nye nærpolitireforma skal mellom anna føre til meir synleg politi.
Den nye nærpolitireforma skal mellom anna føre til meir synleg politi.

– Ser ut som sentraliseringsreform

Fleirtalet på Stortinget er samde om ny politireform. Det betyr ein reduksjon i talet på politidistrikt frå 27 til 12. Truleg blir det færre lensmannskontor også.

Det er paradoksalt at regjeringa kallar den nye politireforma for nærpolitireforma når det blir færre politidistrikt. Men regjeringa uttaler at målet med reforma er «å sikre at eit kompetent og lokalt nærpoliti skal vere tilstade der befolkninga bur, og samstundes utvikle gode fagmiljø som er rusta til å møte dagens og morgondagens kriminalitetsutfordringar.»

Set vekk oppgåver

For å bli samde var det nokre krav som måtte imøtekomast. Mellom anna skal 90 prosent av innbyggjarane i kvart politidistrikt ikkje ha meir enn tre kvarters køyretid til tenestestaden. Vidare vil regjeringa setje vekk fleire oppgåver som politiet tidlegare har hatt ansvaret for. Det dreier seg mellom anna om fangetransport og transport av psykisk sjuke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet er at den nye reforma skal gje meir synleg politi i lokalmiljøa, kortare sakshandsamingstid og ein ny organisasjonskultur som er betre tilpassa samfunnsoppdraga til dei ulike etatane. Det er i alle fall slik politikarane ynskjer det.

Avstand og lokalkunnskap

Enkelte er likevel kritiske til den nye reforma, og kritikken går ut på at avstandane blir for store, og at politiet vil mangle lokalkunnskap. Det er også grunn til å tru at det blir ein hard kamp for å avgjere kva lensmannskontor som skal bestå eller leggast ned.

Reforma seier at Politidirektoratet skal rådføre seg med kommunane om korleis dei nye politidistrikta skal sjå ut med omsyn til talet på lensmannskontor. Direktoratet har det siste ordet, men kommunane får høve til å klage til politikarane dersom det oppstår usemje.

Liknar på sentraliseringsreform

– Eg er ikkje overraska over forslaget til reform. Det viktigaste no blir å prioritere innbyggjarane, og at det faktisk reelt sett blir ei nærpolitireform. For meg ser det meir ut som ei sentraliseringsreform, seier Stine Benjaminsen Nygård, leiar i Politiets fellesforbund i Telemark.

Ho peikar også på at det er nødvendig med pengar for å gjennomføre reforma.

– Ingen har tidlegare gjennomført ei vellykka omorganisering utan å skyte inn pengar, seier Nygård.

– Korleis vil ei slik reform slå ut i Vest-Telemark?

– Det veit me ikkje, men eg tippar det blir færre lensmannskontor, svarer

Artikkelen held fram under annonsen.

Nygård.

– Politikarane må krevje

Ho er tydeleg på at politikarane må krevje god polititeneste uavhengig av kvar innbyggjarane bur. Og ho seier at politiet må organiserast til det beste for publikum, ikkje for at politidirektøren skal få ei mindre leiargruppe å halde seg til.

– Politiet må byggjast frå botn og oppover, ikkje motsett. Samfunnsoppdraget må alltid vere førande, avsluttar Nygård.

Slik blir dei nye politidistrikta:

Finnmark

Troms

Nordland

Trøndelag

Møre og Romsdal

Artikkelen held fram under annonsen.

Vest (Hordaland og Sogn og Fjordane)

Rogaland

Agder

Sør-Aust (Buskerud, Telemark og Vestfold)

Oslo (Oslo, Asker og Bærum)

Aust (Follo, Romerike og Østfold)

Innlandet (Hedmark og Oppland)