Dyrskugjestene blir meir og meir interesserte i mat, og i år er interessa frå matutstillarane rekordstor. (Arkiv
Dyrskugjestene blir meir og meir interesserte i mat, og i år er interessa frå matutstillarane rekordstor. (Arkiv

Matutstillarane strøymer til Dyrsku’n

– Mangfald i både produkt og utstillarar som i år har me aldri vore i nærleiken av før, seier utstillingsansvarleg på Dyrsku’n, Annette Ajer.

Aldri har så mange matutstillarar ynskt å ta turen til Dyrskuplassen i Seljord i september, melder arrangørane. Og om ein nå har lyst til å søkje plass, blir ein sett på venteliste. Dyrsku’n ser at mat i aller høgste grad er veksande, og folk er stadig meir opptekne av mat med historie – og publikum er nyfikne på nye smakar.

Dyrsku’n melder at matutstillarane kjem med alt frå sviing av smalahovud til supermat, tang og tare, ostar med urter frå kysten til meir tradisjonelle produkt som eplemost, sild, graut og geitost.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me veit at 9 av 10 besøkande handlar på Dyrsku’n, så i år skulle det ligge ekstra godt til rette for spennande matopplevingar og god handel, seier utstillingsansvarleg Ajer.

Grønt frå Hoppestad

Årets gjesteutstillar er Hoppestad gård i Skien som dyrkar økologiske superspirer.

Familien på Hoppestad har dyrka grønsaker i fleire generasjonar, og for nokre år sidan slutta dei med dyr for å konsentrere seg om det dei likar aller best – å dyrke grønt. Dei er til ei kvar tid på utkikk etter innovative løysingar for å nytte jorda på best mogleg måte, og kjem til Seljord med grønsaksspirer.

– Ei spire er ei miniatyrplante som ville utvikla seg til fullvaksne grønsaker dersom dei hadde fått spire seg ferdig. Spirene er fulle av enzym, hormon, biokjemikal og oksygen, opplyser Ajer.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er også glad for at ein merkar ein auka interesse for mat.

– Det er gledeleg å registrere at me stadig får fleire matinteresserte. Salet av lokal mat og drikke veks framleis dobbelt så raskt som omsetnaden i resten av daglegvaremarknaden. Me er alt snart halvvegs til å nå målet om ein lokalmat-omsetnad på 10 milliardar kroner i 2025. Det er eg strålande nøgd med, seier Dale i ei pressemelding.