Det er få situasjonar som er så kjensleladde som feiringa av viktige mål. Her er det Tommy Andersen som får positiv merksemd frå lagkompisane etter å ha skåra kampens fyrste mål.
Det er få situasjonar som er så kjensleladde som feiringa av viktige mål. Her er det Tommy Andersen som får positiv merksemd frå lagkompisane etter å ha skåra kampens fyrste mål.

Hattrick-kongen

Dobbel hattrick-skårar Tommy Andersen og Vinje køyrde over Skidar i årets fyrste heimekamp.

Det var ei høgtideleg ramme rundt den aller fyrste 4. divisjonskampen på Åmot stadion nokon gong. Vinjegutane spela med svarte sørgeband for å heidre lagkameraten Åsmund Andre Sandvik, som gjekk bort i vinter. Før kampstart hadde spelarar og tilskodarar eitt minutts stillheit for å minnast ven, sambygding og medspelar Sandvik.

Goalgetter

Då kampen blei blåst i gang, gav Vinje alt frå fyrste sekund. Det gjekk ikkje lenge før Andersen klarte setje fyrste ballen i mål, og det gjekk heller ikkje lenge før han hadde gjort det same to gonger til. Sesongens fyrste hattrick var dermed i boks for raulendingen, og det sto 3-0 til pause.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ei skåring av Andreas Bjugn i andre omgang, var det Andersens tur att. På ny dunka han inn mål etter mål, og plutseleg hadde den effektive spissen skåra kampens og sesongens andre hattrick. Dermed sto det 7-0 til Vinje.

Morten Bråstøyl fiksa 8-0-skåringa, og kaptein Øystein Eriksen sette ei straffe i mål etter å ha finta ut målvakta til Skidar slik at han slengte seg til feil side. Forsvarsspelar Dag Erik Lie var sistemann til å skåre denne dagen, og blei møtt med stor jubel frå tribuna etter målet.

Men det er ikkje berre målskårarane som skal ha æra for storsigeren sundag. Laget viste godt samspel, brukte kantane godt og kom til mange innlegg. Særleg Ole Gunnar Lie var ustoppeleg og utmerka seg når det gjaldt målgjevande spel.

Fin start

Forsvaret fekk unna det vesle som gjekk føre seg på Vinjes banehalvdel, og fleire Skidarspelarar møtte veggen i form av forsvarskjempe Geir Versto.

Det blei med andre ord ein mjuk start for den nye målvakta til Vinje, Robin Breiland. Kampen sundag var den fyrste for seljordingen, som meldte overgang til Vinje då Seljord trekte laget sitt.

Etter tri kampar ligg Vinje no på ein tredjeplass på tabellen med seks poeng og tabellens beste målskilnad. Laurdag møter dei Urædd 2 i Skien.