Fyresdølane Even Nordbø
Fyresdølane Even Nordbø

Fyresdølar imponerte i ØM

To fyresdølar kunne glise breitt etter helgas Østlandsmeisterskap (ØM) i Fetsund. Even Nordbø og Bendik Aketun imponerte stort både i løypa og på standplass.

I fjor var Bendik Aketun kongen av ØM. Med fulltreff på alle skytingar blei det gull og sylv i Simostranda. Også i år imponerte Fyresdals største skiskyttartalent i meisterskapen som Fetsund arrangerte. Med ein bom på laurdagens normalprogram, blei Aketun klokka i mål som nummer seks, 35 sekundar bak vinnaren Sondre Eriksen Hensema frå Bødalen.

Sundag var det sprint. Aketun bomma ein gong på kvar av dei to skytingane og blei til slutt nummer sju. Han var 27 sekundar bak vinnaren Øystein Ulekleiv frå Dombås.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg både skaut bra og gjekk fort, så eg er veldig godt fornøgd med helga, seier Bendik Aketun.

Høgt nivå

Før rennet hadde han mål om å kome blant dei ti beste.

– Det er veldig høgt nivå i klassa, medgjev Aketun.

Med helgas resultat sikra han seg også plass i Young Star. Dette er eit renn for dei beste 15- og 16-åringane i landet, og blir arrangert i samband med verdscuprennet i skiskyting i Trondheim 21. mars. Aketun kvalifiserte seg også til rennet i fjor. Då skulle det gå i Holmenkollen, men vêret gjorde at det blei utsett til sommaren. Aketun håpar no han skal få gå Young Star på snø.

Fjerdeplass

Men mest imponerande blant fyresdølane i ØM var Even Nordbø i 13-årsklassa. Ingen kan måle seg med Nordbø i løypa. På sundagens sprint blei Nordbø nummer fire. Han bomma totalt seks gonger, men var likevel bare 35 sekundar bak Even Sagosen Smeby som vann rennet. På laurdagens normalprogram blei Nordbø nummer sju. Med totalt fem bom var han 44 sekundar bak vinnaren Anders Slydal frå Oslo.

Fyresdal skiskyttarlag drog til Fetsund med ni utøvarar. Trine Adelheid Aslestad deltok i 13-årsklassa og blei nummer 12 og 10 på høvesvis laurdag og sundag. Vegard Taraldlien deltok i klassa til Nordbø og blei nummer 32 laurdag og 29 sundag. I klasse J14 deltok skiskyttarlaget med tri jenter. Mari Sandvik Seltveit reiste heim med 11. og 18. plass. Marit Emilie Husstøyl kom på 16. og 19. plass, medan Anne Greivstad blei nummer 17 og 21 i dei to konkurransane.

Blant 15-åringane gjorde Aslak Seltveit to jamne løp, og han blei nummer 18 på laurdag og 19 sundag.

Eirik Aas Levang deltok i same klasse som Aketun. Han bomma totalt to gonger i laurdagens konkurranse og blei nummer 20. Sundag blei Aas Levang nummer 35.