Anders Nødland Danielsen er nøgd med at ein god sisterunde sikra andreplassen i NM.
Anders Nødland Danielsen er nøgd med at ein god sisterunde sikra andreplassen i NM.

Andreplass i frisbeegolf-NM

Anders Nødland Danielsen frå Kviteseid spelte seg opp under meisterskapet og tok ein solid andreplass.

Frisbeegolf-turneringa på Hamar den fyrste helga i september blei eit godt comeback for den tidlegare noregsmeisteren som ikkje deltok på NM i fjor. Han kom litt skeivt ut under det tre dagar lange meisterskapet, men tok seg kraftig inn den siste dagen og kapra til slutt ein god andreplass. ­

– Eg låg på ellevte plass etter to rundar, men så gjekk eg ein god tredje runde. Faktisk den beste runden i løpet av heile NM, så eg er godt nøgd med plasseringa, seier Danielsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Telemark i toppen

Han vart berre slått av ein annan telemarking. Den sytten år gamle Peter Lunde frå Skien.

– Telemark har mange gode og unge spelarar. Det har blitt større konkurranse dei siste åra, fortel Danielsen.

Den forholdsvis unge idretten har stadig blitt meir populær. I NM var det om lag 120 deltakarar som spelte i tre dagar og måtte gjennom 27 hol kvar dag.

Danielsen skryt av utviklinga rundt sporten.

­– Det er eit godt miljø rundt Kvitsund, med både elevar og tilsette som spelar på bana der, seier han.

Trenar i garasjen

Danielsen fortel at han trenar om lag tre gonger i veka. Både på bane, men også heime i garasjen der han står og puttar frisbee’n i korga.

­– Eg har fått litt meir tid til å trene no når borna blir større. Det er nærspelet som er viktigast å trene på. Det er det som er avgjerande i konkurranse, seier han.

Han har også ambisjonar for neste sesong og åra som kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

­– Eg har jo lyst til å vinne kongepokalen igjen, avsluttar Danielsen.