Olavsdag på Flatastaul
Bygdeoriginal? Naturmystikar? Heidning og einsemdselskar? Jada, han var alt det og meir til, Olav Flatastøyl, men først og fremst diktar. Sundag var meir enn 100 møtt fram for å friske opp minnet om den ordhage einebuaren på Flatastaul, den siste og framleis intakte husmannsplassen på Rauland.
Olav Flatastøyl levde all sin dag på Flatastaul, plass under Nystog. Han var fødd olsok 1906 som einaste barnet til Halvor og Sigrid, og etter at mora døydde i 1955, budde han åleine der dei siste 40 åra av livet sitt. Han kunne nok ha kome lenger med eit meir generøst utgangspunkt, men kva er det å koma lenger? ville sikkert Olav sjølv spurt. Han stilte ikkje store materielle krav. Så sant han hadde tobakk i pipa og papir til Underwood-skrivemaskina si, hadde han det viktigaste.
På sitt vis var han ein livskunstnar, og som Åsta Østmoe Kostveit sa i kåseriet sitt om diktaren Olav Flatastøyl gleda over å få det til som skrivande menneske var kanskje det aller største for han. I diktinga hans møter me den eigentlege Olav Flatastøyl, naturelskaren og naturmystikaren, ein som har ant den store samanhengen, sa Åsta og las fleire av diktperlene som lever etter han.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Orm i urd»
I 1979 gav AOF/Tiden ut den første og einaste diktsamlinga hans, «Orm i urd». I 2000 kom «Olav Flatastøyl Dikt og liv» ut som Rauland Historielags årsskrift. Dei aller fleste dikta hans er svært sangbare, og fleire trubadurar var møtt fram i tunet på Flatastaul for å gi tone til dikta hans. Først Ragnar Olsen som med fylkeskommunalt kulturstipend til nå har tonesett 14 Flatastøyl-dikt. Me fekk mellom anna høyre «Du gjente», eit av ungdomsdikta, og «I Storbygda», der han skildrar standsforskjellane og slik viser oss eit glimt av samfunnskritikaren.
Som Ragnar Olsen sa, ligg tonen alt ferdig i mange av dikta hans, og det fekk me ei prøve på då kvedaren Halvor Nordjordet song Flatastøyl på sin måte. «Junikveld» hadde Halvor i si tid jamvel kvede for Olav i stoga på Flatastaul.
Eit dikt som diktaren sjølv gjerne sa fram i festleg lag, var diktet om Talleiv driftekar. Nå fekk me det i Asle Storlids utgåve:
Eg handla krøter og ty og sylvstas,
filleklokkor og skog og hest,
fekk svirebrøder som klegg og ugras,
tente pengar, men tapa mest.
På folkemunne
Det lever mest like mange soger og replikkar etter Olav som etter den jamgamle spelemannen Jørgen Tjønnstaul. Olav Flatastøyl mislikte mykje av det nye. Turistutbygginga såg han som «trældom for mynt», og sjølv om han kunne ta både eitt og to glas, var ikkje turing til varig glede. «Dyrt og lite moro», skreiv han ein gong i dagboka si.
Joda, bygdeoriginal i sær i Olav Flatastøyls eigen definisjon: «Ein bygdeoriginal er ein som gjer som han sjølv vil».
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var dei på Rauland som forstod at det budde mykje i ungguten frå husmannsplassen, og dei la til rette for eit år på folkehøgskule for han. Men han kom for seint til bussen og blei verande på Flatastaul.
På bytur
Han leid elles ikkje av den heilt store utferdstrongen. Journalist og kulturarbeidar Helge Songe fortalde om reisa til den store kvelden til telemarksforfattarane i Ibsenhuset like etter at diktsamlinga til Olav var utkomen. Han fekk skriftleg invitasjon, men ville ikkje, og det let ikkje til å nytte med overtaling. Iallfall ikkje i første omgang. Men etter ein prat over mat og kaffi på Garatun sa han likevel ja, og Songe fortalde levande om den reinaste triumfferda med Olav til Skien. Det blei opplesing for eit bortimot åndelaust publikum, nachspiel i Diktets Venner, der damene var i stort fleirtal, ei slags overnatting på Høyers Hotell og ein innhaldsrik bydag dagen etter. Det var seine kvelden før diktaren omsider fann vegen heim til Flatastaul.
Grunneigar Halvor Lognvik tykte det var triveleg med så mange gjester på ein slik dag.
Eg kjente Olav heilt frå barnsbein og hadde kontakt med han så lenge han levde. Som liten minnest eg berre to på Rauland som hadde tid til å stoppe og snakke med oss ungane. Den eine var gamle Olav Storlid, den andre var Olav Flatastøyl. Som vaksen blei eg vel som jordeigar og bonde på Nystog inkarnasjonen av det Olav mislika aller mest, men eg hadde stor respekt for han, og me hadde eit godt og greitt forhold så lenge han levde.
Olavsdagen på Rauland var eit vellykka samarbeid mellom Rauland Historielag og kulturutvalet i Vinje Arbeidarparti, og Tor Strømme leia programmet som gav rikeleg tid for graut, kaker og kaffi.