«Me må slutte med brannsløkking og heller gå for noko varig»
Politikarane i formannskapet synest det er vanskeleg å falle på rett avgjerd når det kjem til å hjelpe alpinsentera i kommunen med å oppgradere heisanlegga.
Vinje har utfordringar med at dei er ein vinterdestinasjon med heisanlegg som byrjar å bli gamle. Av og til er det vanskeleg å få tak i delar og blytungt å drive skianlegg. Mellom anna har det vore utfordringar med å få heisen til å gå så mykje som den skal gå på Raulandsfjell, og difor også økonomiske utfordringar. Torsdag skulle formannskapet i Vinje ta stilling til om eit kommunalt heileigd holdingselskap er eit tenleg verktøy for fornying og vidareutvikling av heisanlegg i kommunen.
– Kommunen får stadig søknadar om tilskot. Me må slutte med brannsløkking og heller gå for noko varig. Nå vil rådmann og eg ha ei avklaring på om dette er noko å jobbe vidare med. Me sit med ulike modellar for gjennomføring, seier ordførar Jon Rikard Kleven (Sp).
Artikkelen held fram under annonsen.
Saknar utbyggarengasjement
– Me har fått svært solid juridisk bistand, forsikrar rådmann Jan Myrekrok.
Bertin Bjåen (Ap) meiner det er ei vanskeleg sak der det er snakk om mykje pengar for kommunens del. Tone Edland (Sp) meiner det er beklageleg at utbyggarane av hytter ikkje har hatt vilje til å gå inn med bidrag til heisane.
– Dei seier dei ikkje sel hytter på grunn av at det er heis i nærleiken. Me har sagt me skal satse på reiseliv. Skisentera er viktige for å at me skal vera ein destinasjon. Me veit ikkje kva kostnadane er og skisentera seier dei ikkje tener pengar. Vil dette vera eit evigvarande pengesluk når ting går i stykker? Dette er ei kjempevanskeleg sak. Eg likar tanken om at det er eit fellesskap om dette, men skulle ønske utbyggarane var med på det, seier Edland.
Arne Skogheim er bestemt på at dette er ei vanskeleg sak, som eigentleg ikkje er så vanskeleg.
- Dette er ei destinasjonsbygging som vil treffe nokre få driftsselskap. Eg ser ingen grunn til at kommunen skal inn i det heile tatt. Aktørane kan lease heisutstyr sjølve. Om det ikkje er lønsamt, så må nokon subsidiere og det blir kommunen. Dette blir ei forfordeling av kommunale midlar og det meiner eg blir feil. Her er sannsynet størst for å tape, seier Skogheim.
Splitta i Senterpartiet
– Dette er vanskeleg. Ein eller annan gong må Vinje finne ein annan måte å tene pengar på. Eg er ikkje negativ til å sjå vidare på det, men det er mykje som veg tungt for og imot, seier Ane Killingtveit (Sp).
Baiba Sheine (SV) er einig med dei som synest saka er vanskeleg.
– Gode heisanlegg vil nok auke attraktiviteten til Vinje, men kva toler Vinje av meir turistar? Dette vil gå ut over noko. Synd om det går utover noko kommunen har ansvar for. Dette har me ikkje ansvar for, seier Sheine.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nils Ole Lien (Sp) legg ikkje skjul på at Vinje Sp er todelte i denne saka.
– Me er alle usikre. Hytteutbygginga kjem Vinje til gode og då er det viktig å legge til rette for hyttebygging, seier han.
– Kan ikkje bare ha lette saker
– Dette er inga lett sak, men me kan ikkje bare ha lette saker heller. Det er vanskeleg å diskutere saka breitt sidan me ikkje har fakta ennå. Kjem det opp nye heisanlegg eller ikkje om me ikkje gjer dette? Heisanlegga byrjar å bli 40 år gamle. Toler dei fleire turistar? Det er ikkje sikkert eg er for dette når alle tala er på plass, men eg er for ideen. Kanskje næringslivet vil gå inn med meir og kommunen mindre? Dette må me finne ut av, seier ordførar Kleven.
Edland meiner det vil kome vanskelege val for kommunen om ein må begynne å velje mellom satsing på heis eller barnehage i framtida.
– Eg er ikkje positiv til at kommunen skal engasjere seg. Næringa burde gjera det, men det er ingen tvil om at dette burde undersøkast nærare. Det er mange som kjøper hyttetomt som ikkje skal i skiheisen også, seier Skogheim.
Ordføraren minner om at kommunen gjev mykje til landbruksnæringa og akademiet også.
– Me legg til rette for andre næringar også, men her er summane i eigen storleiksordning, seier Kleven.
Formannskapet vedtok samrøystes å vurdere om oppretting av eit kommunalt heileigd holdingselskap kan vere eit tenleg verktøy for fornying og vidareutvikling av heisanlegg i kommunen. Rådmannen kjem tilbake med eiga sak om oppretting av holdingselskapet. Kvar einskild utbygging og selskapsetablering under holdingselskapet blir handsama som ein sjølvstendig prosess i kommunestyret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saka blir avgjort i kommunestyret.