Høgrepolitikarane Gunnar Eilefstjønn (t.v.) og Edvard Mæland i Seljord er ikkje imponert over arbeidet i Vest-Telemarkrådet, og etterlyser ei vitalisering og langt fleire resultat frå dei seks ordførarane og rådmennene i regionen.
Høgrepolitikarane Gunnar Eilefstjønn (t.v.) og Edvard Mæland i Seljord er ikkje imponert over arbeidet i Vest-Telemarkrådet, og etterlyser ei vitalisering og langt fleire resultat frå dei seks ordførarane og rådmennene i regionen.

Kritikk mot Vest-Telemarkrådet

Seljordpolitikarane Edvard Mæland og Gunnar Eilefstjønn sa rett ut kva dei meiner om Vest-Telemarkrådet og samarbeidet i regionen i kommunestyremøtet torsdag.

Etter ein debatt i Seljord kommunestyre torsdag om ein skal gå til Nav i Midt-Telemark eller bli med på felles Nav-kontor i Vest-Telemark, valde seljordingane det siste. Ordskiftet blei elles prega av syn på samarbeidet i Vest-Telemark og Vest-Telemarkrådet (VTR):

«Det er nok dessverre slik at nokon stiller spørsmål kor godt samarbeidet i Vest-Telemark har blitt etter kvart og utvikla seg». «Det blir bruka veldig mykje energi og ressursar på å slåst, klage, syte og fortelje kor problematisk det er å eksistere i Vest-Telemark». «Vest-Telemarkrådet har ei viktig rolle, men den kan bli veldig mykje viktigare, og då har rådet ein veldig stor jobb å gjere.» «Eg stiller spørsmål ved kor mykje godt me har fått som resultat av VTR». «Eg finn ingen etablering av næringsverksemd som me kan «skulde» på VTR».

Artikkelen held fram under annonsen.

Finne anna form

Ovannemnde setningar i kommunestyret kom frå anten Edvard Mæland eller Gunnar Eilefstjønn, båe Høgre. Dagen etter tok VTB ein nærare prat med dei to lokalpolitikarane om det dei er fullt klar over er kritikk mot VTR, ei samling der både dei seks ordførarane og rådmennene i regionen er med. Og i uttala ligg det at det også er kritikk mot ordføraren og rådmannen i heimkommunen til Mæland og Eilefstjønn.

– Me saknar nokon resultat frå VTR, seier Mæland.

– Eg trur VTR må finne ei anna form. Dette handlar om framtida for samarbeidet i Vest-Telemark, seier Eilefstjønn.

Mæland meiner det blir bruka veldig mykje ressursar i VTR på å slåst seg imellom.

– Kven tør gå inn i den «krigssona», seier han om det å skulle få nye innbyggjarar og meir næringsverksemd til regionen.

– Me må reklamere for regionen på ein måte slik at me får tilført arbeidsplassar. Me må gjere oss attraktive, fortset Mæland.

Vitalisere rådet

Eilefstjønn meiner VTR må vere tidlegare på banen, og nemner som døme saka om felles Nav-kontor i Vest-Telemark.

– Saka kom alt for seint inn i rådet. Hadde ho kome tidlegare, hadde det blitt betre tid på saka. I staden blei det oppheita stemning. VTR må vere tidlegare på saker, seier Eilefstjønn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein må smi medan jernet er varmt, legg Mæland til.

Både han og Eilefstjønn er også samde om fylgjande:

– VTR må vise til langt fleire resultat enn dei har gjort. Heile rådet må vitaliserast. Utspela vår er positivt meint, me vil det beste for Vest-Telemark.

– Energi blir bruka på å slåst, klage og syte

Då Seljord kommunestyre torsdag diskuterte om ein skal knyte seg til eit felles Nav-kontor i Vest-Telemark eller gå til Midt-Telemark, kom fleire av politikarane inn på dette med samarbeidet i Vest-Telemark.

– Det er nok dessverre slik at nokon stiller spørsmål kor godt samarbeidet i Vest-Telemark har blitt etter kvart og utvikla seg, sa Edvard Mæland (H).

Etter mellom anna å ha lese saker i VTB sat han med ei kjensle av at i Vest-Telemark er det alle sin kamp mot alle.

– Det blir bruka veldig mykje energi og ressursar på å slåst, klage, syte og fortelje kor problematisk det er å eksistere i Vest-Telemark. Hadde me bruka den same energien og ressursane til å fortelje kor fortreffeleg det er å halde til i Vest-Telemark, då hadde me kanskje lokka fleire til å kome hit. Dette synest eg er tankar som fleire skal ta innover seg. Derfor har ikkje eg heilt lyst til å gje opp Vest-Telemark-samarbeidet. Eg har lyst til å gje det ein sjanse til, men det må takast nokon grep, sa Mæland.

I forhold til veldig mange samarbeidssaker som blir diskutert i Vest-Telemark, har Mæland registrert at det fyrste ein skal avklare er kvar eventuelle ting skal bli lokalisert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er dømde til å mislykkast. La oss ta den prinsipielle diskusjonen om me skal samarbeide om ei sak, og når me blir einige om det kan me ta siste delen av diskusjonen om kvar det er naturleg at lokaliseringa blir. Og så bør det sjølvsagt munne ut i at over tid blir det fornuftig og rettferdig kommunane imellom, sa Mæland.

Han viste så til at det har blitt reist spørsmål om kvar Seljord vil halde til, Midt-Telemark eller halde seg til Vest-Telemark. Mæland meinte diskusjonen om kommunesamanslåing viste rimeleg bra kvar Seljord vil vere.

– Me hadde alle moglegheiter til å kunne bli ein del av den nye kommunen i Midt-Telemark viss me ville, men me var veldig tydelege på at me ville fortsatt halde fast ved Vest-Telemark. Mange av oss var også veldig tydelege på at me såg for oss éin Vest-Telemark-kommune i framtida. Det lykkast ikkje den gongen, men eg er ikkje i tvil om at det kjem til å skje ein eller annan dag, sa Mæland.

Han kom med eit framlegg til vedtak som også blei kopla opp mot samarbeidet i Vest-Telemark: «Kommunestyret i Seljord vedtek å knytte seg til felles Nav-kontor for Vest-Telemark, og ynskjer med dette å bidra til å styrke og utvikle regionsamarbeidet på ein positiv måte. Kommunestyret i Seljord er uroa for at regionsamarbeidet kan utvikle seg i negativ retning, og oppmodar Vest-Telemarkrådet til å ta initiativ til brei drøfting på kva form og innhald samarbeidet skal ha.»

– Då håpar eg at fleire enn bare ordførarane kan få ein arena å vere med og diskutere strategisk på korleis samarbeidet i Vest-Telemark skal bli inn i framtida, avslutta Mæland innlegget sitt.

– Vest-Telemarkrådet har ein stor jobb å gjere

I kommunestyret sa Gunnar Eilefstjønn (H) at saka ikkje bare dreiar seg om Nav, men også om samarbeidet i Vest-Telemark.

– Eg trur Vest-Telemarkrådet (VTR) har ei viktig rolle, men den kan bli veldig mykje viktigare, og då har rådet ein veldig stor jobb å gjere, sa Eilefstjønn.

Så nemnte han VTR-rekneskapen for 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der blei det svidd av mellom åtte og ni millionar kroner. I tillegg blir det bruka ordførarar, varaordførarar, opposisjonspolitikarar, rådmenn og andre inn i ulike greier, så det er veldig mange dagsverk som går med. Dette er ei kostbar sak, det skal me vere klar over, sa Eilefstjønn.

Han har registrert at det har vore gode samarbeidssaker i Vest-Telemark.

– Men eg stiller spørsmål ved kor mykje godt me har fått som resultat av VTR, sa Eilefstjønn.

Han tok føre seg tre satsingsområde frå årsmeldinga til VTR, og slo fast at dei gjer ein god jobb innan veg og samferdsel, og rådet får god hjelp av Børge Skårdal.

Det neste viktige satsingsområdet til VTR han kom inn på var busetting og auka folkevekst.

– Me veit at sidan tusenårsskiftet har det minka med om lag 750 personar i Vest-Telemark. Ifylgje statistikken er 8 prosent av innbyggjarane i Seljord nye landsmenn. Viss det er slik i resten av Vest-Telemark, er det kome i alle fall godt over 1000 nye landsmenn som er registrert. Med ein nedgang på 750 innbyggjarar er det mange av urinvånarane som har reist, og det er ei dårleg utvikling, sa Eilefstjønn.

Så gjekk han over til noko anna viktig; næring. Eilefstjønn har i 35 år vore mykje engasjert i næring.

– Eg finn ingen etablering av næringsverksemd som me kan «skulde» på VTR. Beklagar, men den finst ikkje trur eg, sa Eilefstjønn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han avslutta med å seie at han synest Vest-Telemark-samarbeidet er viktig.