Regjeringa vil ha ny og kortare E134
Nå har regjeringa bestemt seg for kva E134-trasé dei vil satse på gjennom Vest-Telemark i framtida.
Samferdselsdepartementet har nyleg sendt eit brev til Vegdirektoratet om vegvalet dei og regjeringa har gjort med tanke på E134 gjennom Vest-Telemark. I brevet blir det fyrst minna om at Samferdselsdepartementet har lagt til grunn at E134 blir prioritert som eitt av hovudvegsambanda mellom Austlandet og Vestlandet.
Departementet og regjeringa vrakar dagens E134 frå Seljord til Høydalsmo, Åmot og Vågslid. I staden vil Frp og Høgre etablere ein ny innkorta korridor nord for dagens E134, frå Gvammen via Rauland og til Vågslid, i tråd med forslaget til Vegvesenet.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Prioritering av midlar til utvikling av strekninga E134 Gvammen–Vågslid vil bli vurdert nærmare i arbeidet med neste Nasjonal transportplan (NTP). Før ein set i gang vidare planlegging etter plan- og bygningslova på E134 Gvammen–Vågslid, vil regjeringa fram mot neste NTP arbeide vidare med eit heilskapleg forslag til ambisjonsnivå og prioriteringsrekkefølge for den vidare planlegginga av tiltak på E134, skriv Samferdselsdepartementet.
Dei bed om at Vegvesenet utarbeider eit grunnlag for eit slikt forslag i god tid før neste rullering av NTP.
«Departementet vil også presisere at strategien for utvikling av hovudvegsamband mellom Austlandet og Vestlandet har eit langsiktig perspektiv, fram mot 2050. Den vidare planlegginga vil bli innretta med sikte på ei gradvis utvikling av vegstandarden», blir det avslutta med i brevet til Vegdirektoratet.
Frykta at det ikkje kom avklaring
Dagleg leiar Børge Skårdal i Haukelivegen AS synest det er positivt at regjeringa nå har kome med vegvalet sitt for framtidig E134 gjennom Vest-Telemark.
– Eg frykta at det ikkje kom ei avklaring, at saka blei liggjande i eit vakuum. Det er som venta at regjeringa vil gå for ny E134-trasé, men det har drygd med vedtaket, seier Skårdal.
– Når trur du ny trasé frå Gvammen til Vågslid kan bli påbyrja?
– Det tør eg mest ikkje spekulere i, men det blir ikkje med dei fyrste åra, svarar Skårdal, og legg til at 1. prioritet er ny tunell-løysing over Haukelifjell.
Det ferske vegvalet til regjeringa er i tråd med synet frå blant andre Vegvesenet, Haukelivegen AS og eit klart fleirtal i Telemark fylkesting.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er litt delt syn i kommunane i Vest-Telemark, men eg trur det roar seg, seier Skårdal.