Leiteaksjon etter mann i Flatdal
Mannskap frå politi, Røde kors, Sivilforsvaret, brannvesenet og Norske redningshundar leitar etter ein sakna mann i 40-åra i Flatdal.
Operasjonsleiar hos politiet i Telemark seier at det blir leita for fullt i skogen rundt området der den sakna mannen gjekk ut på tur laurdag kveld.
Fram til klokka tre natt til sundag søkte eit Sea King-helikopter i området, det er nå på veg tilbake til Flatdal for å søkje vidare. I tillegg er mannskap, som nå tel mellom 40 og 50 menneske, ute og leitar i området, opplyser politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saka blir oppdatert.