Nå skal det elektriske på plass
Tunellarbeidet inne i Mælefjell held fram, og nå er den største elektrokontrakten i Telemarks veghistorie lyst ut.
Botnreinsinga inne i Mælefjell er godt i gang, og konkurransen om levering og montering av det elektrotekniske anlegget – inkludert styring, regulering og overvaking – er opna. Fristen for konkurransen er 15. juni, og omfattar eit vegstrekkje på om lag 12 kilometer. Konkurransen er lyst ut både i Noreg og internasjonalt. Avgjerda om kven som får kontrakten blir teken i løpet av sommaren. Tunellarbeidet går stadig vidare. Etter gjennomgang av framdrifta melder vegvesenet at opninga er forventa i desember 2019.
I ei pressemelding skriv Statens vegvesen at dette er den største elektrokontrakten i Telemarks veghistorie, og for fyrste gong blir ein norsk vegtunell utstyrt med 200 høgtalarar der ein kan snakke til trafikkantane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Arbeidet som skal bli utført er omfattande og vil halde på fram til den nye vegen mellom Århus og Gvammen opnar. 200 000 meter med kabel må til for å nå fram til alt som treng straum inne i og ikring tunellen, skriv vegvesenet.
Vidare melder dei mellom anna at det skal kome på plass tett på 2 000 ljosarmatur med led-ljos, 18 bommar skal bli plasserte slik at dei kan sperre for trafikken dersom det skulle skje noko.
– Entreprenørane som får kontrakten må også syte for at det er ei stripe med ljos som skal leie deg ut av tunellen dersom straumen går. Denne lysledelina åleine blir 10 000 meter lang, fortel byggjeleiar Jolanta Kroczak, som skal leie elektroarbeidet.
Gjennom tunellen er det også sprengt ut små og store nisjer – dei fleste er havarinisjer som ein kan bruke om ein treng svinge til sides inne i tunellen ved til dømes motorstopp.
– Nokre nisjer er større slik at vogntog kan ta U-sving, og på 85 stader vil det vere naudstasjonar. All straum og ekektronikk krev mykje, difor blir det også bygd tolv tekniske bygg som kvart er på 100 kvadratmeter – to av desse bygga blir utanfor tunellen, melder vegvesenet.