Ynskte å setje matleveringssaka på vent
Formannskapet i Seljord valde å ikkje endre noko med at Matvarehuset AS i Bergen skal levere mat til institusjonane i kommunen.
Eit hasteinnkalla formannskap i Seljord oppheva i førre møte det tidlegare vedtaket frå 11. mai om framtidig matleveranse. I møtet var også Innkjøpskontoret ved Roy Pettersen tilstades for å orientere formannskapet om bakgrunnen for val av leverandør og høve til å velje andre løysingar. Formannskapet sa i det fyrste møtet at administrasjonen skulle undersøkje moglegheita for å utsetje kontrakt med vinnar av anbodskonkurransen for matlevering fram til 1. oktober. Formannskapet ynskte meir tid til å vurdere høvet for å etablere eit utviklingsprosjekt for å ivareta matvareleveranse til institusjonar og bu- og servicesentra i Seljord kommune gjennom lokalprodusert mat med tydeleg miljøprofil.
Tre tilbydarar
Vedtaket kom med bakgrunn i at tre tilbydarar hadde meldt seg som matleverandørar etter tilbodet hadde vore ute på anbod. På grunn av kravsspesifikasjonane blei Matvarehuset utpeika som vinnar. Dagens leverandør, Dyrsku’n arrangement AS, kunne levere maten for 1 877 720 kroner, Fazer Food Services AS for 1 188 460 kroner og Matvarehuset AS 987 508 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då kommunestyret kom saman litt seinare på kvelden blei matsaka raskt samtaletema. Sjølv om saka ikkje stod på møtekartet for kvelden valte ordførar Halfdan Haugan (Ap) og opne for prat om temaet. Rådmann Kari Gro Espeland orienterte dei folkevalte om at formannskapet hadde halde eit ekstramøte om saka. Etter at vinnaren av anbodstevlinga var klar har det kome ei klage på vedtaket frå Dyrsku’n arrangement AS. Dette stadfesta ordføraren for kommunestyret, men la til at det var eit «ikkje-tema» i formannskapet sidan dette låg på den administrative sida av bordet i kommunen.
– Slik situasjonen er tar me det som skjer til etterretning. Men på same tid ynskjer formannskapet å setje fokus på matlevering. Men kontrakten blir inngått, me gjekk ikkje inn og stoppa den i formannskapet – me fann ikkje grunn til det, orienterte ordførar Haugan.
Engasjerte
Fleire av kommunestyremedlemmene ynskte å kommentere saka. Lars Bjaadal (Sp) gjekk til talarstolen, og meinte saka var underleg.
– Dette er den andre saka som kommunestyret har om anbodskonkurransar. Er det slik at kompetansen manglar, spurde han og la til – når proffar møter amatørar kan ein bli bunden. Det anar meg at formannskapet fryktar både bøter og rettssaker. Men er dette rette måten å skaffe maten på, spurde Bjaadal.
– Seljord kommune har sagt at pris skal vere 40 prosent og kvalitet 60 prosent, men eg trur ikkje kommunen har turt å bruke denne skalaen, uttala ein engasjert Eivind Skogheim (Ap) som også sit som nestleiar i Dyrsku’n arrangement AS.
Då formannskapet handsama saka om matleveranse blei habiliteten til både Henry Mæland (Sp), som tidlegare leiar i Dyrsku’n arrangement AS og nyleg involvert i arbeid for selskapet, og Gunnar Eilefstjønn (H), som far til marknadssjefen i Dyrsku’n arrangement, vurdert, begge var habile. Då spørsmålet kom om habilitet i kommunestyret svara ordføraren.
– Saka er ikkje på dagsordenen. Men eg tenkte det var greitt å la folk snakke om det dersom nokon ynskte det, svara ordføraren, og forsikra kommunestyret om at han skulle sjå meir på saka og klubba ordskiftet som over.