Søker vertsfamiliar i Vest-Telemark

Ei gruppe med utvekslingselevar frå heile verda kjem til Noreg i haust.

I august kjem det ei gruppe med utvekslingselevar frå heile verda til Noreg for å gå på ein norsk skule og bli del av ein norsk familie i eitt år. Om nokon av dei kjem til Telemark, avhenger av eventyrlysta til telemarkingane, skriv utvekslingsorganisasjonen Youth For Understanding (YFU) i ei pressemelding. 

YFU vil at elevane deira skal få oppleve kvardagslivet i ein gjestfri familie, og håpar å finne familiar som ønskjer å bli kjent med en ungdom frå eit anna land, og tør å ta sjansen på eit annleis og spennande år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet er at eleven skal bli integrert i lokalsamfunnet og bruke fritida si som den lokale ungdomen. Det er ikkje meininga at familien må bruke all si tid med eleven, men eleven bør inkluderast i familiens aktivitetar slik at han eller ho føler seg som ein del av familien. Mange vertsfamiliar deler fine opplevingar med elevene, og får eit spesielt og hyggeleg år saman med dei, seier Ida Nyrud, koordinator i YFU. 

YFU skriv at dei har god erfaring med å sende elevar til bygda og mindre byar. – På mindre stader er miljøa mindre, og det er lettare å bli kjent med andre med same interesser som ein sjølv. Me opplever at folk på små stader er flinke til å integrere elevane, og at dei blir godt ivaretekne både på skulen og under fritidsaktivitetar.

 Mange av elevane kjem til Noreg for å oppleve norsk natur, og nærleiken til naturen på mindre stader er noko mange set pris på, seier Nyrud.