Noregs råaste politistudent arbeider i Seljord
Kollegaene på lensmannskontoret i Seljord let ikkje det gå umerka at Petter Gulliksen førre helg blei kåra til den råaste atleten blant politistudentar i heile landet.
Politistudenten er litt brydd når han viser veg inn på matrommet på lensmannskontoret i Seljord. Ein stor pokal er plassert midt på bordet og bildet av Gulliksen med den same pokalen har fått plass på veggen.
– Det er rettleiarane mine som har gjort dette altså, nærast unnskylder politistudenten seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men han har grunn til å vera stolt. I helga blei han kåra til «Noregs råaste politistudent» når PHS-games blei arrangert for fyrst gong, eit slags OL for studentar på politihøgskulane i Bodø, Oslo, Stavern og Kongsvinger. Totalt hadde 700 studentar meldt seg på konkurransen. Gulliksen kom seg gjennom nålauget i online-kvalifiseringa som skala dei 700 ned til 30 menn og 30 kvinner til finalen på krigsskulen i Oslo.
Brå start
Då finaledeltakarane kom på fredagskvelden rekna dei med ein roleg kveld med informasjon og utdeling av tøy. Slik blei det ikkje. Studentane blei kasta rett ut i det med ei styrkeprøve med intensive øvingar med push ups, sit ups og knebøy alt fyrste dagen.
– Det gjekk heldigvis bra. Eg fekk ein god start og leia før dei fire neste øvingane på laurdag, seier Gulliksen.
Han fylgde opp på laurdagen gjennom nye styrkeprøver. Øvingane var allsidige og noko sjølv ikkje dei mest treningsivrige hadde vore borti tidlegare. Det var både styrkeprøver og øvingar som sette krav til uthald. Etter totalt fem øvingar var det fem menn og fem kvinner att til hovudfinalen. Her blei ein etter ein eliminert. Til slutt var det studenten med praksis i Seljord som stod att som vinnar.
– Det var eit høgt nivå på dei som var med – ein sprek gjeng, men eg såg at eg hadde ein sjanse då det gjekk mot slutten, seier Gulliksen.
Det var då dei skulle bera på store dekk han såg at det var mogleg å vinne. Og han let seg ikkje stoppe av ein litt utradisjonell teknikk då han skulle gå på henda i avslutninga.
– Det fiksa eg ikkje heilt, men eg kom meg til mål på eit vis, seier Gulliksen medan han demonstrerer teknikken.
Trivst i Seljord
– Korleis kjennes det å vera Noregs råaste politistudent?
Artikkelen held fram under annonsen.
– He-he. Det er jo ein sterk tittel. Eg er ikkje den sterkaste, men kanskje den mest allsidige, seier Gulliksen.
– Eg har alltid trena allsidig, men det er vel langrenn eg drive mest med, legg han til.
24-åringen frå Re i Vestfold har tre år bak seg frå Forsvaret, og går andre året på politihøgskulen. Det betyr praksis og sidan august har han vore på lensmannskontoret i Seljord.
– Det er eit kjempegodt miljø på kontoret og læringsmessig er det heilt topp. Eg har gode rettleiarar. Målet med praksisen er å bli så god som mogleg. Det er det lagt til rette for, seier han.
– Korleis er det å vera politi i Seljord?
– Det er eit veldig mykje større område enn Seljord, på vakt så dekkjer me frå Vinje til Nome. Det skjer noko stadig og oppdragsmengda er passeleg til at ein får tid til å reflektere over det ein gjer, svarar han.
Han kjente lite til Telemark før han flytta til Seljord, men han trivst godt og ser ikkje bort frå at seljordingane kjem til å sjå meir til han i framtida.
– Det er ikkje utenkeleg, seier han, og legg til at kjærasten som utdannar seg som sjukepleiar heller ikkje er avvisande med tanke på å flytte til Telemark i framtida.